Juniperus virginiana

Juniperus virginiana, virginiaeiner. Hoplante med bærkongler. Foto frå: Hobro, Jylland, Danmark

Juniperus virginiana

Juniperus virginiana, virginiaeiner. Foto fra: Hobro, Jylland, Danmark

Virginiaeiner er eit tre i sypressfamilien. Treet kan bli 30 meter høgt og ha ein stamme som er over éin meter i diameter, men blir sjeldan så stor. Krona er tett og smalt kjegleforma på unge tre, men etter kvart som treet eldast blir fasongen meir uryddig. Virginiaeiner høyrer heime i austlege Nord-Amerika, men er også mykje planta som prydtre i Europa.

Faktaboks

Etymologi

virginianus = frå Virginia (USA)

Også kjend som
Sabina virginiana (L.) Antoine, blyanttre, eastern redcedar (amerikansk)
Vitskapeleg namn
Juniperus virginiana
Beskriven av
Carl von Linné
Global rødlistestatus
LC – Livskraftig

Skildring

Borken er raudleg brun, med åra blir han meir grå og flakar av i langstrekte, smale flak. Blada er vanlegvis skjelforma og kan bli éin til tre millimeter lange. Viriginiaeiner har ikkje barnåler som spriker ut frå kvisten, slik som dei gjer hos vanleg einer. Ungplanter har nåler som er omtrent éin centimeter lange (juvenilt bar). Gamle tre kan også få ein del juvenilt bar.

Formeiring

Arten er særbu, med eigne hann- og hoplanter.

Utbreiing

Den naturlege utbreiinga er austlege Canada og USA, frå Nova Scotia og Ontario i nord til Florida i sør, og vestover til Rocky Mountains. I Europa blir virginiaeiner planta som prydtre i hagar og parkar, også i Noreg. Det blir marknadsført fleire kultivarar (hagesortar). Dei mest herdige sortane klarer seg i klasse H5.

Ved

Kjerneveden er raudbrun og har ei behageleg lukt. Veden blir ofte selt som raudt sedertre eller virginiaseder og har vore brukt til sigarkassar, til blyantar og ikkje minst som møllmiddel.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

virginiaeiner
Juniperus virginiana
GBIF-ID
2684391

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg