Faktaboks

Anne Bamle
Fødd
13. november 1884, Heddal
Død
8. september 1972
Anne Bamble
.
Anne Bamble i midten
Norsk Folkemuseum.
Kvinnebunad fra Øst-Telemark med rødtrøye

Denne bunaden er ein av dei fyrste Anne Bamle sauma etter at ho etablerte seg på Notodden, antakeleg frå 1922. Trøya er karmosinraud med trekvart lange ermar, og ringinga i halsen er bua som på Bamles eigen bunad som ho sauma seg nokre år tidligare.

Kvinnebunad fra Øst-Telemark med rødtrøye
Av .
Broderi

Teikningar av broderi som Anne Bamle brukte på liv til raudtrøyebunadane sine.

Broderi
Av /Heddal bygdetun.

Anne Bamle var ei norsk bunadsyarske som hadde sterk innverknad på utviklinga av fleire av bunadene frå Aust-Telemark. Ho er mest kjend for det som no er kjent som raudtrøyebunaden, som ho sjølv kalla Heddalsbunaden. Raudtrøya var utgangspunkt for ein Aust-Telemarksbunad, og modellen til Bamle vart den desidert mest populære. Sjølv vart ho ikkje rik av arbeidet, ho sauma kan hende to-tre bunader i året, men selde påteikna materiale til folk som ville sy sjølv.

Bakgrunn

Bamble kom frå garden Bamle i Nordbygda i Heddal. Etter at ho hadde fullført skulegangen på Notodden, gjekk ho ei kort tid i lære hos ei sydame i Skien før ho flytta til Oslo. Ved sida av jobben på ei systove tok ho sundagsvakter på Norsk FolkemuseumBygdøy. Vaktene der gjekk kledd i bunader, og slik fekk ho interesse for gamal bygdekunst og folkedrakter.

Virke

Bamle var aktiv i Bondeungdomslaget i Oslo, der det var mykje aktivitet og arbeid for den norske folkekunsten. Ho kom i kontakt med miljøet kring Hulda Garborg, som var ein svært sentral person i utviklinga av dei nye bunadene tidleg på 1900-talet, og Bamle vart ein del av denne rørsla. Garborg henta inspirasjon frå gamle folkedrakter i arbeidet med å lage nye festdrakter. Ho dyrka dei rosebroderte bunadene og var oppteken av at draktene skulle vere praktiske og tidsmessige. Rosene er også typisk for Bamle sine bunader. Bamle var oppteken av variasjon og utarbeidde meir enn 100 ulike broderimønster. Det var òg ho som flytte broderia frå sokkane og opp på sjølve stakken.

Heimen Husfliden hadde i fleire år laga ei «Hitterdalsdragt» (Hjartdal), inspirert av dei gamle raudtrøyekleda som vart brukte i fleire bygder i Aust-Telemark i fyrste halvdel av 1800-talet. Bamle sauma sin fyrste bunad i 1914 etter mønster frå Heimen Husfliden. Det var denne bunaden ho tok utgangspunkt i da ho slo seg ned som bunadsyar på Notodden rundt 1920.

Bamble reiste rundt om på gardane i Heddal og nærliggande distrikt og spurde etter gamle folkedrakter eller delar av slike. Inspirasjon til broderia til raudtrøyebunaden henta ho frå dei broderte sokkane og vantane som vert brukte til dei gamle kleda. I tillegg til det ho hadde sett og lært den tida ho var i Oslo, danna det ho fann i distriktet grunnlaget for det som skulle bli hennar eigen variant av drakta frå bygdene i Aust-Telemark. Ho hadde klåre meiningar om korleis bunaden skulle sjå ut: Han skulle ikkje vera for sid, og beltet skulle vera litt ovanfor midja. Ein kan ikkje vera nasjonal på midten og byfin i endane, sa ho, og likte ikkje at folk gjekk utan hovudplagg og med nylonstrømper og vanlege pensko til bunad.

Det var òg Bamle som innførte broderte bunadvesker til bunadane frå Aust-Telemark. Dette var noko nytt, og ho laga dei for å unngå bruken av moderne handvesker. Ho laga òg dei første ferdigsydde vippene. Fleire og fleire kvinner klipte av seg langt hår, og da kunne dei ikkje vippe hår på tradisjonelt vis. I staden for at folk gjekk med hovudet bert, sydde Bamle ferdige vipper som kunne settast oppå håret. Desse vippene er i dag meir vanlege enn vippeband.

Bamble sydde svært mange bunader gjennom eit langt liv, mellom anna til kronprinsesse Märtha. Den første bunaden ho sydde til kronprinsessa, vart øydelagd då Skaugum brann, den andre forsvann under andre verdskrigen og den tredje vert i dag brukt av prinsesse Märtha Louise.

Utmerkingar

Bamble fekk fleire utmerkingar frå Husflidslaget og Kongens fortenestemedalje i gull for arbeidet sitt.

I 1999 vart Anne Bamle i avisa Telen stemd fram som århundrets namn i Aust-Telemark. Fleire av bunadene hennar og mønstra er på Heddal bygdetun, medan broderimønstra blir forhandla av fleire forretningar i Telemark.

Les meir i Store norske leksikon

Broderimønstre

Anne Bamle tok utgangspunkt i gamle broderimønster og utforma nye i same stil. Dette er Bamles eigne teikningar av skjortemønster.

Broderimønstre
Av /Mønstre utlånt fra heddal bygdetun.

Litteratur

  • Wagn, Anne Haugen og Nordby, Guro (2002): «Anne Bamle og Øst-Telemarksbunaden: et livsverk».

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg