Rødtrøyebunad

Denne bunadbrukaren har lagt seg så nær som muleg opp til broderia på bevarte liv og skjorter frå Aust-Telemark.

Rødtrøyebunad
Av /Norsk bunadleksikon.
Broderi

Teikningar av broderi som Anne Bamle brukte på liv til raudtrøyebunadane sine.

Broderi
Av /Heddal bygdetun.
I ryggen på bunaden kommer rosesømmen virkelig til sin rett, som dekor ved de tilbaketrekte sidesømmene og som seler utenpå livet.
I ryggen på bunaden kjem rosesaumen verkeleg til sin rett, som dekor ved dei tilbaketrekte sidesaumane og som selar utanpå livet.
I ryggen på bunaden kommer rosesømmen virkelig til sin rett, som dekor ved de tilbaketrekte sidesømmene og som seler utenpå livet.
Av .

Rosesaum er fleirfarga broderi med rosemønster, blomar eller blomeliknande, organiske former som hovudmotiv. Teknikken vert vanlegvis utført med ullgarn på ullstoff, men det vert og nytta garn av silke eller bomull.

Faktaboks

Også kjend som
rosesøm

Rosesaumen er ein del av vår folkelege broderitradisjon og har sitt utspring i rokokkomotens blomar. På tida da rosesaumen oppsto, vart brodering gjort på frihand. Det vil seie at det ikke var ferdig påteikna mønster på stoffet, og utøvaren måtte sjøl plassere motiv og detaljar. Som hjelp kunne ein merke opp slik at kvar rapport vart like lang, og nokre gonger tråkla eller teikna dei ein strek å følgje, men det meste vart fylt inn etter kvart. Dette krevde lang trening, og eit godt trena auge kunne lett sjå kven som hadde utført dei ulike broderiane. Teknikken vert halde i hevd i Tinn i Telemark der rosesaumen framleis vert gjort på frihand.

Anne Bamle som utarbeidde meir enn 100 ulike mønster til damebunader frå Aust-Telemark, var særs oppteken av rosesaum. Det var ho som flytte broderimotiva frå dei tradisjonelle sokkane i vadmel og opp på sjølve stakken.

Rosesaum blir sydd med mellom anna plattsaum, kontursting og kjedesting.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjørn Sverre Hol Haugen (red.): Norsk bunadleksikon, 2006

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg