vaniljerot

Vaniljerot fra Gjølertangen, Søndre Sandøy, Hvaler.
Vaniljerot
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Artikkelstart

Vaniljerot er ein 10-25 cm høg art i vaniljerotslekta i lyngfamilien. Heile planta er voksgul og utan klorofyll. I Noreg er det to underartar, lodden vaniljerot og snau vaniljerot. Vaniljerot og begge underartane er på Norsk raudliste for artar 2021 oppført som nær trua (NT).

Faktaboks

Vitenskapelig navn
Monotropa hypopitys
Beskrevet av
Carl von Linné

Skildring

Vaniljerot er ei 10-cm mykoheterotrof plante. Heile planta er voksgul. Stengelen har skjelforma blad. Blomane sit saman i klasar, og frukta som vert danna er ein kapsel. Loden vaniljerot har ein mangeblomstra klase, medan det er få blomar i klasen til snau vaniljerot. I tillegg er fruktknuten til snau vaniljerot snau.

Utbreiing

Lodden vaniljerot (latinsk navn: Monotropa hypopitys hypopitys) veks i furuskog nord til Troms.

Snau vaniljerot (latinsk navn: Monotropa hypopitys hypophegea) veks i furuskog nord til Trøndelag.

Raudlistestatus

Lodden vaniljerot er på Artsdatabanken sin Norsk raudliste for artar 2021 oppført som nær trua (NT). Bakgrunnen er ein antatt tilbakegang på over 15% grunna skogdrift i gamalskog.

Snau vaniljerot er på Artsdatabanken sin Norsk raudliste for artar 2021 oppført som nær trua (NT). Bakgrunnen er at underarten har eit avgrensa forekomstareal der det er ein tilbakegang i forekomstarealet og delpopulajsonar.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

vaniljerot
Monotropa hypopitys
Artsdatabanken-ID
101797
GBIF-ID
8249145

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg