Erling Vidkunnsson

Riddaren Erling Vidkunnsson var syslemann på Sunnmøre i 1340-åra. Erling Vidkunssons segl.

Erling Vidkunnsson
Av /※.

Sysle var i Noreg i mellomalderen namn på eit forvaltningsdistrikt. Sysle blei også brukt om embetet til ein syslemann.

Faktaboks

Etymologi
av norrønt sýsla, ‘arbeid, gjerning, gjeremål; ombod, embete, embetsdistrikt’
Også kjend som
syssel, sysla

Syslemannsombodet blei innført i Noreg i andre halvdel av 1100-talet, truleg som følgje av behovet for å styrkja nærværet til kongemakta lokalt under innbyrdeskrigane om kongemakta som gjekk føre seg frå 1130 til 1240. Det skjedde omtrent samstundes med bygginga av dei første steinborgene, og begge delar er uttrykk for ei aukande spesialisering og institusjonalisering av riksstyringsapparatet.

Frå andre halvdel av 1200-talet var Noreg delt inn i faste ombodsdistrikt for syslemenn, kalla sysler. Heile landet så langt nord som til og med Hålogaland var delt i cirka 50 sysler av vekslande omfang og med varierande folketal. Ei sysle kunne vera delt mellom to ombodsmenn. Syslemannen hadde lensmannen til å hjelpa seg på enkelte felt.

I løpet av 1400-talet blei syslene avløyste av len.

Frå sysle til len

Nemninga len blir brukt nokre få gonger om sysle i dokument frå høgmellomalderen, utan at det er heilt klart kva nordmennene i samtida la i dette. Éin hypotese (sett fram av historikaren Andreas Holmsen) er at i denne samanhengen karakteriserte «len» inntektene frå sysla, medan «sysle» betydde sysla som administrasjonseining.

Under unionsmonarkiet frå slutten av 1300-talet (Kalmarunionen) var målet innanfor regional- og lokalforvaltninga å knyta direkte band mellom monarken og kvar enkelt kongelege ombodsmann på lokalplanet, ikkje minst for å auka inntektene til krona. Sysler blei i aukande grad kalla len, og syslemenn futar, og det var ein aukande tendens til at delsysler eller fleire sysler blei tildelte éin person.

På lengre sikt medførte det at syslegrensene blei brotne opp, og at sysla som administrativt område for kongemakta tapte i betydning. Den aukande bruken av lensnamnet utover på 1400-talet indikerer difor truleg at sysla/lenet fekk større betydning som inntektskjelde for både kongemakta som den øvste lensherren og kvar enkelt ombodsmann. Overgangen frå syslesystem til lensvesen var fullført i første halvdel av 1400-talet.

Len blei seinare avløyst av amt og fylke.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Ole Georg Moseng, Erik Opsahl, Gunnar I. Pettersen og Erling Sandmo: Norsk historie I, 750–1537, Oslo 2007

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg