Sysle var i Noreg i mellomalderen namn på eit forvaltningsdistrikt. Sysle blei også brukt om embetet til ein syslemann. Syslemannsombodet blei innført i Noreg i andre halvdel av 1100-talet, truleg som følgje av behovet for å styrkja nærværet til kongemakta lokalt under innbyrdeskrigane om kongemakta som gjekk føre seg frå 1130 til 1240. Det skjedde omtrent samstundes med bygginga av dei første steinborgene, og begge delar er uttrykk for ei aukande spesialisering og institusjonalisering av riksstyringsapparatet. Hele artikkelen

Ny artikkel