sosiale forhold i Det gamle Egypt

Akrobatiske dansarar avbilda i grava til Mereruka i Sakkara. Ca. 2305 - 2297 fvt. Foto: Anders Bettum

. fri
Banketscenar er ofte del av avbiletingar i gravene frå det nye riket, og som del av desse kan ein ofte finne kvinner som underholder med musikk og dans. Frå grava til Nakht i Sheikh abd el-Qurna (TT52), ca. 1400 - 1390 fvt. Foto: Reinert Skumsnes
. fri
Relieff og maleri i egyptiske graver kan vere svært detaljerte, og gjev oss mykje informasjon om klesdrakter, kosmetikk og moter. Frå grava til Maya og Merit i Sakkara, ca. 1334 - 1310 fvt. Foto: Anders Bettum
. fri
Ein egyptisk soldat tvingar ein nubisk høvding til å underkaste seg den egyptiske overmakta etter eit krigstokt utført av general Horemheb. Nubiern er framstelt i større skala enn den egyptiske soldaten for å markere skilnaden i sosial status. Dei unge skrivarane registrerer krigsbyttet. Frå Horemhebs grav i Sakkara. Ca. 1319 fvt. Foto: Anders Bettum
. fri

Vår kjennskap til sosiale forhold i Det gamle Egypt stammar frå ulike typar kjelder. Mest kjem nok frå diverse avbiletingar og tekstar i gravkammer, samt diverse objekt. Dei rikt illustrerte kjeldene viser religiøse og ideologiske aspekt, men også jordbruksscener og handverk, samt diverse former for underhaldning. Frå desse scenane kjenner ein dei mest vanlige yrkesgruppene, diverse verkty, musikkinstrument, ein kan følgje motar, samt bruk av utsmykking og kosmetikk.

Gravkammer frå det midtre riket (ca. 1980 – 1760 fvt.) inneheld dessutan ofte modellar av diverse kvardagslige aktivitetar. Mange av desse kan ein kjenne igjen frå avbiletingar, men då desse er 3-dimensjonale, vil dei naturlig nok vera tettare opp til røynda enn 2-domensjonale avbiletingar.

Den kanskje viktigaste kjelda til sosiale forhold er restane etter (lands)byar som Wah-Sut (Abydos), Giza, Lahun, Deir el-Medina, Amarna og Tell el-Daba. Desse er alle byar som eksisterte i korte tidsrom, før dei vart tildekka og konservert i sand, og først i våre dagar har dei igjen fått sjå dagens lys. Ikkje berre kan ein vandre gatelangs, gå inn i hus, og observere leveforholda på nært hald, men funn av diverse møblar, kosmetikk, klede og dessutan skriftlige dokument er uvurderlige i forståinga av sosiale forhold.

Antropologien har lenge argumentert for at gåveutveksling og resiprositet var limet som bat individ, familiar, grupper, landsbyar og land saman. Ikkje uventa, visar også nyare forsking frå Det gamle Egypt at samfunnsstrukturane var basert på nettopp resiprositet. Kjernefamilien, så vel som storsamfunnet, med kongen på toppen, var alle basert på patron – klient forhold, med eit gjensidig avhengeforhold til kvarandre.

Et jordbrukssamfunn – næring og virke

Det regnar nesten ikkje i Egypt, og det gamalegyptiske jordbruket var den gongen, som i dag, heilt avhengig av vatnet frå Nilen. Kvart år til same tid, etter regntida i dei etiopiske fjella lenger sør, fløymde elva over breiddene sine. Når elva langsomt byrja å trekkje seg attende frå elvesletta, la den igjen eit tjukt svært fruktbart lag av slam. I dette slammet planta egyptarane kornet sitt.

I dag er Nilen demma opp, og jordene blir vatna og gjødsla kunstig. I Det gamle Egypt var det den årlege flommen som sørgde for dette. Vatnet og det fruktbare slammet gav grunnlaget for eit svært produktivt jordbruk.

Effektivisering av jordbruket mot slutten av den predynastiske perioden gjorde det mogleg for deler av befolkninga å fokusere på andre oppgåver. Likevel skulle det gå lang tid før ein kan snakke om ein profesjonalisering av yrkeslivet. Dei fleste som beherska eit handverk jobba antakeleg også i jordbruket, i alle fall deler av året.

Demografi og samfunnslag

Det rike jordbruket gav igjen grunnlaget for ein stor folkesetnad langs Nilens breidder. På det meste kan det ha levt så mange som fem millionar menneske i Det gamle Egypt. Eit hierarki av embetsmenn styrde landet, og på toppen av hierarkiet ein farao, gudekongen.

Familien

Trass i at det berre var dei øvste sosiale lag som hadde midlane og kontaktane som skulle til for å lage monumentale gravanlegg, er ofte menn og kvinner av lågare sosiale lag avbileta som del av bakgrunnen.

Likevel må ein hugse at eit gravkammer er eit monument laga for etterlivet med eit sterkt fokus på eigaren, og såleis mest sannsynleg speglar optimale eller ønskelege tilhøve, snarare enn faktiske tilhøve. Dessutan var slike monument basert på eit sett reglar danna av eliten, også kjent som ’dekorum’, som avgjorde korleis alt kunne visast og beskrivast.

Kjønnsroller

Kjønnsrollene i Det gamle Egypt var knytt til sosial status, men også andre aspekt som tilhøva kring kvart einskild individ. Dessutan spela tid og stad ei viktig rolle, og slik var kjønnsrollene i konstant endring. Desse endringane skuldast politiske og sosiale strømmingar, som i all hovudsak bevegde seg vertikalt frå topp til botn av hierakiet, med ringverknadar på blant anna yrkesliv og økonomi.

I periodar med stor økonomisk vekst ser det ut til at kvinner fekk fleire rettar. Generelt synest kvinner frå dei øvre sosiale lag å ha hatt ei friare stilling i Egypt enn i andre oldtidssamfunn det er naturleg å samanlikne med. Ein veit mindre om kjønnsrollefordelinga blant dei lågare klassene.

Slavar

Slaveriet i Det gamle Egypt har ein lang og uavklart historie innan fagmiljøet, og spranget er stort mellom dei som hevdar slaveri ikkje eksisterte, til dei som hevdar at folk flest var slavar. Det som likevel er sikkert, er at soldatar kunne ta med seg krigsfangar heim frå tokt, og frå det nye riket (ca. 1550 – 1069 fvt.) kan ein av kjeldene sjå ei auke i kjøp, sal, arv, og leige av menneske.

I Det gamle testamentet (2. Mosebok) er det skildra korleis israelittane vart tvinga til tungt kroppsarbeid i forbinding med bygginga av to nye byar. Ein trudde difor lenge at slaveri var utbreidd i Det gamle Egypt.

Moderne utgravingar av landsbyane rundt pyramidane og andre byggeplassar fortel likevel ein anna historie. Funn frå desse utgravingane viser at arbeidarane levde på ein diett beståande av brød, øl, fisk og kjøt. Kheopspyramiden er sannsynlegvis bygd av utskrivne bønder som jobba tre månadars skift på pyramiden, og var heime på garden resten av året.

Individuelle variablar avgjorde fridomen til det einskild menneske. Dei ulike sosiale gruppene langt frå lukka, og det var ikkje uvanleg med bevegelse både opp og ned i det sosiale hierarkiet. Dette kunne blant anna skje gjennom yrke, ekteskap og adopsjon. Den vanlegaste orsaka for bevegelse nedover var gjennom straff for gjeld og kriminelle handlingar.

Les mer i Store norske leksikon

Litteratur

  • Baines, John (2007). Visual and Written Culture in Ancient Egypt. Oxford & New York: Oxford University Press.
  • Kemp, Berry (2012). The City of Akhenaten and Nefertiti: Amarna and its People London: Thames & Hudson Ltd.
  • Lehner, Mark (1997). The complete pyramids. London: Thames and Hudson.
  • Kemp, Barry J., (2006). Ancient Egypt: Anatomy of a Civilization. 2 ed. London: Routledge

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg