Lahun, busetnad i Det gamle Egypt under det midtre riket (1980-1760 fvt.), lokalisert ved inngangen til Fayumoasen. Lahun er spesielt kjent på grunn av det rike arkeologiske og skriftlege kjeldematerialet.

Faktaboks

Også kjend som

El-Lahun, Kahun.

På egyptisk heitte busetnaden htp-sn-wsrt, som tyder "Senusret er nøgd".

Bygginga av pyramidekomplekset til Senuseret 2 (ca. 1877-1870 fvt.), gravene til hans næraste familie og høgste embetsmenn, samt tempelet til konge- og gudekulten, førte til eit enormt forbruk av ressursar. Såleis var det naturleg at ein landsby vaks fram med alt det innebar. Der budde arbeidarane til dei store byggjeprosjekta, samt mange andre yrkesgrupper i kjølvatnet av kongekulten; tempelpersonell, embetsmenn, ulike handverkarar, tekstilprodusentar, kokkar, soldatar og så vidare.

Etter Senuseret 2 sin død, fullførte Senuseret 3 (ca. 1870-1831 fvt.) faren sine byggjeprosjekt. Senuseret 3 flytta i dette tidsrommet store delar av statsadministrasjonen til landsbyen som etter kvart vaks til ein by med ein stad mellom 5.000 og 10.000 innbyggjarar. Dette tyder på at dei absolutte samfunnstoppane, i alle fall svært regelmessig, var fysisk til stades i byen. Etter ein periode på cirka 100 år vart landsbyen fråflytta, og har lege urørt fram til vår tid.

Det er gjort rike funn av skriftlege kjelder i Lahun. Dette kjeldematerialet, i tillegg til dei arkeologiske leivningane av busetnaden, gjev eit godt innblikk i det daglege livet i byen og Det gamle Egypt under det midtre riket.

Les mer i Store norske leksikon

Litteratur

  • Collier, Mark og Stephen Quirke (2002). The UCL Lahun Papyri: Letters, BAR International Series 1083. Oxford: Archaeopress.
  • Collier, Mark og Stephen Quirke (2004). The UCL Lahun Papyri: Religious, Literary, Legal, Mathematical and Medical, BAR International Series 1209. Oxford: Archaeopress.
  • Kemp, Barry J., (2006). Ancient Egypt: Anatomy of a Civilization. 2 ed. London: Routledge.
  • Szpakowska, Kasia, (2008). Daily Life in Ancient Egypt: Recreating Lahun. Oxford: Blackwell Publishing.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg