Samfunnet i Det gamle Egypt var i all hovudsak hierarkisk, der ein svært liten del av befolkninga utgjorde den øvste delen av samfunnspyramiden. Det gamle Egypt var eit typisk jordbrukssamfunn der dei fleste var bønder eller arbeidde innanfor jordbruket.

Busetjingane var spreidde langs dei fruktbare elveslettene langs Nilen eller i Deltaet. Befolkningstettleiken må ha vore relativt liten i forhold til det moderne Egypt, men det ser ut til å ha vore ein jamn befolkningsvekst frå det gamle riket (ca. 2543–2120 fvt.) til den gresk-romerske perioden (332 fvt.–ca. 395 evt.).

Eit hierarkisk samfunn

Veggmaleri frå grava til Sennedjem i Deir el-Medina
Samfunnet i Det gamle Egypt var i stor grad hierarkisk og lagdelt. Nedst stod bønder og arbeidarar som også utgjordte brorparten av befolkninga.
Av .
Lisens: Gnu FDL

Samfunnet i Det gamle Egypt var i stor grad hierarkisk og lagdelt. Øvst i samfunnet stod farao og ein liten herskarelite, etterfylgt av lågare embetsmenn. Nedst stod brorparten av befolkninga; bønder og arbeidarar.

Mykje tyder på at egyptarane var bevisste på sosiale forskjellar. Det gammalegyptiske språket skil til dømes mellom pat («elite») og rekhyt («folket»). I den såkalla visdomslitteraturen, for eksempel Ptahoteps lære, finnst det anbefalingar til korleis ein skal oppføre seg ovanfor folk med ein annan rang.

Rangforskjellar kjem også svært godt til syne i gravskikken. I veggmaleri i gravene var det vanleg å understreke sosiale forskjellar gjennom ulik størrelse. Ulik rang vart også gjerne markert mellom gravene innad på ein gravplass. I Giza er til dømes gravene til dei med høgast rang plassert nærast kongen si pyramide.

Egyptarane sjølve delte ofte befolkninga inn etter kva profesjon dei hadde. Skrivarane blir ofte framheva som ei distinkt gruppe. Fleire tekster, for eksempel Satiren over yrka, framhevar fordelane med å vere skrivar samanlikna med andre yrke. Det var likevel store forskjellar på skrivarar, og dei fanst på ulike nivå i samfunnet. Skrivarane danna dermed ei slags vertikal sosial gruppe som strakk seg på tvers av samfunnslaga.

Samfunnet endra seg gjennom tidene og var ikkje statisk. I politisk ustabile periodar der den sentrale kongemakta var svekka, vart også samfunnsstrukturen påverka. Eit eksempel er den første overgangsperioden (ca. 2118–1980 fvt.) der leiarane av dei lokale distrikta (nomene) fekk større makt og sjølvstende. Dette endra seg då sentralmakta og det tradisjonelle hierarkiske samfunnet vart innført på nytt i det midtre riket (ca. 1980–1760 fvt.).

Farao

Tutankhamon si dødsmaske

Øvst i samfunnet stod farao som landet og folket sin vernar. På biletet ser vi farao Tutankhamon si berømte dødsmaske i reint gull, innsatt med glass og edelsteinar. Det egyptiske museum i Kairo, 2002.

Tutankhamon si dødsmaske
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

I Det gamle Egypt var farao folket og landet sin vernar. Orden og framgang i samfunnet var avhengig av total lydnad ovanfor kongen. Bakgrunnen for dette var kongen si rolle som bindeledd mellom gudar og menneske. Ikkje berre var han menneska sin talsmann ovanfor gudane, han kunne også påverke gudane sine avgjersler gjennom si eiga guddommelege rolle.

Eliten

Farao kunne likevel ikkje drive statsadministrasjonen aleine. Statsadministrasjonen var organisert i fire hovudbolkar; hoffet, militæret, presteskapet og den sivile administrasjonen. Dei fire bolkane var oppdelte hierarkisk, der dei ulike posisjonane ofte gjekk i arv frå far til son. Dette hierarkiet utgjorde ei lang rekkje av autoritetar, der farao sine avgjersler måtte gjennom mange ledd før dei nådde måla sine.

Staten vart styrt av ei samansveisa gruppe som kan ha utgjort eit par hundre personar; den absolutte eliten i samfunnet. Alle var menn, og far til neste elitegenerasjon. Trass i at eliten ikkje var ei lukka gruppe, var det born av denne gruppa som hadde størst sjanse for å nå dei høgste embeta. Kjernen av eliten kan, saman med familiane sine, ha talt 2000–3000 personar.

Forutan den absolutte eliten, var kring 5000 fleire lese- og skriveføre personar knytte til statsadministrasjonen gjennom lågare embete, slik som skrivarar, prestar og militære.

Bønder og arbeidarar

Den nedste delen av samfunnspyramiden i Det gamle Egypt bestod av bønder og arbeidarar, som også må ha utgjort brorparten av befolkninga.

Dei fleste bøndene og arbeidarane ser ut til å ha vore liveigne, det vil si at dei gjorde teneste for ein institusjon eller ein enkeltperson. Ei gruppe med papyri frå Geblein frå det gamle riket gjev eit inntrykk av korleis dette fungerte. Tekstene inneheld blant anna ei oversikt over arbeidarar frå to landsbyar som tilhørte ein større eigedom, deriblant skrivarar, bakarar, bryggjarar, båtbyggjarar og gjetarar.

Det var likevel store forskjellar og variasjonar, og fleire jordbrukarar tilhørte den lågare eliten og mellomsjiktet i samfunnet. Det beste eksemplet er presten og jordbrukaren Hekanakht i det midtre riket som er kjent gjennom ei rekke brev. Breva viser at Hekanakht leia eit omfattande hushald og kunne nytte seg av arbeidarar mot betaling for å drive jorda si.

I ein annan tekst, frå det nye riket (ca. 1550–1069 fvt.), kjent som Papyrus Gurob, finn vi ei liste over jordeigedomar i området rundt Faiyum. Her ser vi fleire eksemplar på at dei som hadde ansvaret for å drive jorda var lågare embetsmenn, for eksempel stallmeistrar, soldatar og prestar.

Slavar

Bruken av slavar i Det gamle Egypt er omdiskutert i fagmiljøet og det er vanskeleg å finne dekning for slaveri i kjeldematerialet. Dette skuldast blant anna at dei gammalegyptiske orda som ofte blir oversette med «slave» (hem nesu og bak) kan bety «tenar» og blir også brukte om liveigne bønder og arbeidarar.

Det som likevel er sikkert er at krigsfangar vart tekne tilbake til Egypt etter militære felttog, og frå det nye riket kan ein av kjeldene sjå eksempel på kjøp, sal, arv, og leige av menneske.

Sjølv om liveigne bønder og arbeidarar kanskje ikkje kan betraktast som slavar slik vi kjenner det frå moderne tid, ser dei ut til å ha levd under strenge arbeidsforhold i nokre høve. Ein tekst frå det midtre riket, kjent som Papyrus Brooklyn, viser at arbeidarar som hadde rømt frå arbeidsteneste kunne få relativt streng straff.

Busetjing

Befolkninga i Det gamle Egypt var konsentrert til dei fruktbare elveslettane langs Nilen og i Deltaet. Dei fleste busetjingane låg sannsynlegvis på høgdedrag eller slik til at dei ikkje vart råka av den årlege flaumen i Nilen. Busetjingane varierte frå byar og urbane sentre, slik som Teben, Memfis og Pi-Ramses, til sentre i distrikta (nomene) og mindre landsbyar.

Det låg også nokre busetjingar utanfor Nildalen. Dette var som regel meir spesialiserte busetjingar, slik som Deir el Medina som husa arbeidarane som arbeidde med gravene i Konganes dal.

Befolkningstettleik

Det nøyaktige folketalet i Det gamle Egypt kan ikkje fastsetjast nøyaktig, men geografen Karl Butzer anslår på bakgrunn av dei økologiske forholda og det skriftlege og arkeologiske kjeldematerialet at Det gamle Egypt hadde ein stabil folkevekst. Sannsynligvis meir enn dobla innbyggjartalet seg, frå kring 850 000 til to millionar, i tidsrommet frå det gamle riket til det nye riket. Butzer hevdar dessutan at folketalet kan ha nådd fem millionar i løpet av den gresk-romerske perioden. Likevel må befolkningstettleiken ha vore mykje mindre enn i det moderne Egypt.

Ved sida av ein folkeauke kan det også sjå ut som at det demografiske tyngdepunktet endra seg. Frå tidlegare konsentrasjon i sjølve Nildalen, vaks Deltaet etter kvart fram som eit demografisk tyngdepunkt, ikkje berre fordi egyptarar flytta dit, men også fordi folk frå Libya og Levanten slo seg ned der. Såleis vart Deltaet, i perioden frå det midtre riket og spesielt under det nye riket og den seindynastiske perioden (722–332 fvt.), eit langt meir internasjonalt og kulturelt variert samfunn samanlikna med resten av Egypt. Øvre Egypt kan såleis seiast å ha hatt ein meir konstant kultur og folketettleik samanlikna med Deltaet.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Butzer, Karl W. (1976). Early Hydraulic Civilization in Egypt. Chicago og London: The University of Chicago Press.
  • Eyre, Christopher J. (1999). «The Village Economy in Pharaonic Egypt». I Alan K. Bowman og Eugene Rogan (red.), Agriculture in Egypt. From Pharaonic to Modern Times (s. 33 – 60). Oxford: Oxford University Press.
  • Grajetzki, Wolfram (2010). «Class and Society. Position and Possessions». I Willeke Wendrich (red.), Egyptian Archaeology (s. 180 – 199). Chichester: Wiley-Blackwell.
  • Katary, Sally L. D. (1999). «Land-Tenure in the New Kingdom: The Role of Women Smallholders and the Military». I Alan K. Bowman og Eugene Rogan (red.), Agriculture in Egypt. From Pharaonic to Modern Times (s. 61–82). Oxford: Oxford University Press.
  • Kemp, Barry J. (2006). Ancient Egypt: Anatomy of Civilization. 2. utgave. London: Routhledge.
  • Meskell, Lynn (2002). Private life in New Kingdom Egypt. Princeton, N. J.: Princeton University Press.
  • Parkinson, R. B. (1991). Voices from Ancient Egypt. London: The British Museum Press.
  • Wilkinson, Toby A. H. (2001). «Social Stratification». I Donald B. Redford (red.), The Oxford Encyclopedia of Ancient Egypt (s. 301 – 305). Oxford: Oxford University Press.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg