Abydos

Til venstre er kong Seti foran guden Thot som holder frem livets nøkkel. Til høyre er Seti foran guden Horus som utfører et renselsesritual.
Fra Osiris-tempelet av . CC BY SA 2.0

Abydos er ein egyptisk oldtidsby. Abydos eller Abdju (det heilage fjellet), som det heite på gamalegyptisk, er eit stort område som strekk seg over den lågtliggjande ørken, omringa av dramatisk høge klipper, på vestbredda av Nilen, like sør for moderne Sohag, c. 450 km sør for Kairo.

Abydos har ei rik historie, som strekk seg frå c. 3500 fvt. til dei første århundra evt., med utallige graver, mange tempel og kult kapell, samt store byer og landsbyar som spreidde seg over det store området. Byen var knytt til statsadministrasjon i før og tidlig dynastisk tid, hovudstad i Thinisnomen, men var først og fremst eit religiøst senter.

Abydos var heimbyen til guden Khentamentiu/Osiris, viss store popularitet bare kunne likestillast med Re, og seinare Amon-Re. Egyptarar valfarta til Abydos, for å ta del i mysteria, frå heile landet.

Osiriskulten

Osiriskulten bygde på ei arketypisk hending, som gjorde døden mindre endeleg. Gjennom kulten vart alle, inkludert gudane, tilbydd nytt liv etter døden, gjennom ei identifisering med Osiris. Vidare var Osiris sin popularitet knytt til hans regenererte form som herskar over underverda, eller dwat, som var ei mytisk verd, satt til både nattehimmelen og ei undergjordisk verd på ein gong. Gjennom å gå inn i, og krysse denne verda såg ein for seg at ein opplevde fornying og regenerering, slik at ein kunne ta del i den evige syklusen av liv og død.

Les mer i Store norske leksikon

Litteratur

  • Baines, John, and Jaromír Málek, (1984). Atlas of Ancient Egypt. Oxford: Equinox.
  • O'Connor, David, (2009). Abydos - Egypt's First Pharaohs and the Cult of Osiris. London: Thames & Hudsen.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg