Rundsoldogg har som namnet seier runde blad og som andre soldoggartar har blada kjertelhår med klebrige dråpar som fangar små dyr.
.
Lisens: CC BY 3.0

Soldogg er ei planteslekt med om lag 128 artar kjøtetande plantar i soldoggfamilien. Artane fangar insekt og andre små dyr med hjelp av klebrige hår på blada. Det er tre artar i Noreg som høyrer til denne slekta.

Faktaboks

Beskriven av
Carl von Linné

Skildring

Blada hjå soldogg sit i rosett hjå mange artar, men det finst nokre som har ein høg stengel med blad. Blada er ofte raudfarga og er tett pryda med langskafta kjertelhår, som planta nyttar til å fange og fordøye insekt og andre smådyr. Håra bøyer seg inn mot det fanga insektet, og bladplata kan også rulle seg litt saman. Dei mjuke delane av insektet blir oppløyste ved hjelp av eit proteinspaltande stoff (enzym) som finst i slimet. Når insektet er fordøydd, rettar bladplata og håra seg ut igjen.

Utbreiing

Drosera gigantea
Drosera gigantea frå det sørvestlege Australia blir opptil ein meter høge planter med mange blad som kan fange insekt.
Drosera gigantea
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

Dei fleste av artane finst i Australia, New Zealand, Brasil og Sør-Afrika. Plantane veks på svært næringsfattig grunn, men ved å fordøye insekt, får dei det nitrogenet dei treng. Stengelen er bladlaus og ber nokre få kvite blomster.

I Noreg finst tre artar. To av desse veks på torvmosemyrer: rundsoldogg og smalsoldogg, begge vanlege over heile landet. Dikesoldogg veks i blaute myrer i Sør-Noreg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

soldogg
Drosera
Artsdatabanken-ID
101613
GBIF-ID
3190721

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg