soldoggfamilien

Venusfluefanger i slekta Dionaea med bytte. 
Venusfluefanger av . CC BY 2.0

Soldoggfamilien, ein plantefamilie innan klassen tofrøblada planter. Globalt består familien av rundt 150 artar fordelt på tre slekter; soldoggslekta (Drosera), Dionaea og Aldrovanda. Både Dionaea og Aldrovanda er monotypiske. Artane i familien har mekanismar tilpassa for å fange og bryte ned bytte, som insekt eller andre smådyr.

Faktaboks

Også kjent som

Droseraceae

Skildring

Kjertelhåra til Drosera capensis
Drosera capensis av . CC BY NC SA 2.0

Familien består av ettårige og fleirårige urter med blad som sit i rosett og som har kjertelhår. Artane i soldoggslekta fangar og fordøyar byttedyr ved hjelp av kjertelhår, medan artane i slektene Dionaea og Aldrovanda lukkar blada om byttedyr.

Utbreiing

Soldoggfamilien finnes over store delar av verda, med hovudtyngd i Australia, Afrika og Sør-Amerika.

I Noreg

I Noreg finnes tre artar, smalsoldogg, dikesoldogg og rundsoldogg.

Systematikk

Taksonomisk nivå Norsk namn Vitskapleg namn
Rike Planteriket Plantae
Rekke Dekkfrøa blomeplanter Magnoliophyta
Klasse Tofrøblada blomeplanter Eudicots
Orden Nellikordenen Caryophyllales
Familie Soldoggfamilien Droseraceae

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg