Reglane for fordeling og bruk av landområde var i tidlegare tider munnleg nedarva. Spesielle omsyn tok vare på dei som var utan evne til å sørgje for seg sjølve. Fordelinga bremsa dei sosiale ulikskapane i samfunnet, slik at skilnaden på dei rikaste og dei fattigaste ikkje vart for stor. I siidaen var bruksretten til jorda og retten til ressursane langt på veg felles eller fordelt mellom familiar og klanar.
Forvaltningsansvaret var både eit kollektivt og eit personlig ansvar, noko som gjorde at ein ikkje tok ut meir ressursar enn ein trong. Samstundes kan siidaen som samfunnsform forklare kvifor samar ikkje har vore særleg interesserte i å danne ein eigen stat. Siidasamfunna var små, opptil 200 personar, styrt av eit råd av eldre, med ein siida-isit som leiar. Rådet fungerte etter konsensus-prinsippet: Ei sak stod på dagsorden til alle kunne vere einige om utfallet.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.