Parkslirekne frå Søndre Sandøy, Hvaler.
Fallopia japonica

Fallopia japonica, parkslirekne. Foto frå: Blåkilde Mølle, Hobro, Danmark

Parkslirekne er ei fleirårig urt i slireknefamilien. Planten er 1-2 meter høg og med grove stenglar og er vanleg i Sør-Noreg. Parkslirekne er ein invaderende art som er vanskeleg å bekjempe fordi planten formeirar seg med kraftige jordstenglar. Planten er forbudt å innføre, plante, kjøpe og selje i Noreg.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Reynoutria japonica
Beskriven av
Maarten Houttuyn
Framandartstatus i Noreg
SE – Svært høy risiko

Skildring

Planten er 1–2 meter høg med grove, opprette stenglar. Blada er store, 10 centimeter lange eller meir, lêrharde med tverr bladgrunn og utdregen spiss. Blomane er små og grønkvite.

Formeiring

Planten, som stammar frå Aust-Asia, er einkjønna og set sjeldan modne frø i Europa. Han formeirar seg i staden med kraftige jordstenglar, opptil 5 centimeter tjukke og 20 meter lange.

Utbreiing

Parkslirekne vart innført til Noreg som prydplante, men har mange stader kome ut av kontroll og spreier seg no sterkt i strand- og skogkantar, langs vegar og elles på udyrka mark. Han er nokså vanleg i Sør-Noreg, meir sjeldan i kyststroka vidare nordover til Lofoten og Vesterålen.

Nedkjemping

Planten er vanskeleg å få bukt med, spesielt om ein berre bruker mekaniske metodar. Best resultat blir oppnådd med ein kombinasjon av mekaniske tiltak, til dømes slått, etterfølgd av kjemiske tiltak (glyfosat) på gjenveksten.

Invaderende art

Planten er oppført på IUCNs liste over dei hundre verste invaderande artane i verda. Han fekk kategori «svært høg risiko» på framandartslista (Norsk svarteliste) i 2012.

Forbud

Det er forbudt å importere, plante, kjøpe og selje parkslirekne i Noreg. Det er bestemt i Forskrift om fremmede organismer.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Reynoutria japonica
Tidlegare vitskapleg namn
Tiniaria japonica (Houtt.) Hedberg, Pleuropterus cuspidatus (Siebold & Zucc.) H.Gross, Polygonum cuspidatum Siebold & Zucc., Polygonum sieboldii de Vriese, Fallopia japonica (Houtt.) Ronse Decr.
Artsdatabanken-ID
129594
GBIF-ID
2889173

Kommentarar (2)

skreiv Sverre Olav Lundal

Ein metode for å bekjempa planten er å slå ha ned om hausten og leggja svart plast over han. Då skal planten vera utan liv neste år. Men det gjenstår ein jobb med å få fjerna røtene. Tips i Bladet Sunnhordland frå ein lesar som respons på at vegvesenet planlegg ein aksjon mot planten

svarte Unni Vik

Gode tips trengs for å bekjempe denne svartelista planta, Sverre Olav! Takk for at du deler.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg