laurbærfamilien

Lisens: CC BY 2.0
Laurbær

Laurbærfamilien er ein plantefamilie innan klassen tofrøblada planter. Familien er samansett av omtrent 2850 artar fordelt på omlag 45 slekter. Artane i familien er tropiske og subtropiske tre og buskar som inneheld eteriske oljer. Fleire av artane vert nytta som krydderplanter. Kanel, kamfer, laurbær og avokado høyrer inn under laurbærfamilien.

Faktaboks

Også kjent som
Lauraceae

Skildring

Plantefamilien består av tre og buskar med heile, læraktige blad. Plantene inneheld etersike oljer og benzylisoquinolin-alkaloid. Blomane er små med frie blomedekkblad.

Utbreiing

Artane i laurbærfamilien finnes i tropiske og subtropiske klima over heile verda.

Dyrking og bruk

Fleire av artane i familien vert nytta kommersielt, mellom anna gjeld dette kanel, kamfer, laurbær og avokado.

Systematikk

Taksonomisk nivå

Norsk namn

Vitskapleg namn

Rike

Planteriket Plantae

Rekke

Dekkfrøa blomeplanter

Magnoliophyta

Klasse

Tofrøblada blomeplanter

Eudicots

Orden

Laurbærordenen

Laurales

Familie

Laurbærfamilien

Lauraceae

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg