Krossfestinga
Krossfestinga framstilt av Theophanis Strelitzas (1490–1559)
Av .
Golgata
Jesus på krossen har vore eit viktig motiv i europeisk kunst. Edvard Munchs måleri Golgata frå 1900.
Golgata
Av .

Langfredag er fredag før påske, dagen til minne om Kristi død på krossen.

Faktaboks

Etymologi

norrønt langafrjádagr, etter gammalengelsk langa frigedæg

Langfredag har fått namn etter Kristi lange liding. I oldtida var dette ein bots- og fastedag, og frå mellomalderen av blei det halde ei eiga gudsteneste på denne dagen. Denne gudstenesta er ulik frå den vanlege messa, særleg ved at det ikkje blir innvigd nye nattverdselement.

I Den norske kyrkja har ein denne dagen ein enklare liturgi enn vanleg. Heile Jesu lidingshistorie blir lesen og preika over. I folkeleg tradisjon var langfredag ein sørgjedag, der ingen måtte vere glade. Ein skulle halde seg i ro og ikkje gå på besøk eller drive med noka form for moro og leik. Både folk og fe skulle faste denne dagen for å lide med Jesus. Mange stader fira ein flagget på halv stong. Eit fenomen var langfredagsarbeidet, der ein skulle identifisere seg med Kristi liding ved å plage seg sjølv med hardt arbeid.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg