påskedag

Jesu oppstode
Oppstoda er eit ynda motiv i kunsten. Rafaels versjon frå 1499–1502 framstiller Kristus som ein sigerherre som viser seg for redde vakter.

Påskedag er den viktigaste høgtidsdagen i kristendommen. Dagen blir feira til minne om Jesu oppstode (oppstandelse). I mange kyrkjesamfunn byrjar feiringa påskenatt, like før midnatt, fordi Jesus ifølgje kristendommen stod opp før soloppgang natt til sundag.

Påskedag er høgdepunktet i påska. Ved overgangen til påskedag er fastetida og den stille veka over, og dagen innleier påsketida i kyrkjeåret, det vil seie dei følgjande femti dagane. Frå gammalt av er dette den største feiringa i kyrkja. Det var vanleg at nye medlemmer blei tekne opp i kyrkja gjennom dåp påskenatt.

Ifølgje norsk folketradisjon var påskedag ein dag til å unne seg god mat igjen etter at fasta var over. Rømmegraut med lefse og kjøtmat til middag var vanleg. Nokre stader hadde ein påskeegg, som hadde status som festmat.

Påskedag var den store høgtidsdagen prega av gudsteneste og kyrkjegang. I eldre tid samla denne dagen fleire til gudsteneste enn noka anna høgtidshelg.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg