Fagspråk er ein måte å bruka språket på som dei som er knytte til eit bestemt fagområde, har til felles.

Fagspråk er særleg kjenneteikna av eit spesielt ordtilfang (ordforråd). Dersom dette ordtilfanget er knytt til faget, er det ein del av terminologien til faget. Dersom det skil seg frå allmennspråket utan å vera knytt til terminologien til faget, er det ein fagleg sjargong. Eit fag har både ein terminologi og ein sjargong, og grensa mellom dei er uskarp. Ordtilfanget består vanlegvis av mange framandord og allmennspråklege ord med ei særtyding.

Fagspråk innanfor eit bestemt teknisk eller vitskapleg område vert også kalla teknolekt. Eit bestemt fagspråk bygger på fellesspråket og heng saman med det. Frå eit sosiolingvistisk synspunkt kan ein hevde at fagspråket har to ulike funksjoner. For det første beskriver det nøyaktig dei teoretiske og metodiske omgrepa i faget på ein måte som gjer det mogleg for fagekspertar å kunne kommunisere presist om dei. For det andre kan fagspråket gje ei kjensle av tilhøyrsel bland ein gruppe ekspertar innan eit fag.

Fagspråket omfattar framfor alt eit sett av faguttrykk i form av termar og måtar å bruke termane på. Kunnskapen om termar og bruken av dei er delt mellom ekspertar innom eit fagområde og kjem til uttrykk gjennom både skrift og tale, til dømes i førelesningar, lærebøker og vitskaplege artiklar. Fagspråket omfattar ikkje berre ekspert-til-ekspert-kommunikasjon, men også kommunikasjon mellom ekspertar og lekfolk gjennom populærvitskapleg formidling.

Sjølv om alle vitskapar har sitt eige fagspråk, kan det være ulike gradar av standardisering i ulike fag. Standardisering vil i denne samanhengen seie at ein eksplisitt definerer omgrepa og relasjonane mellom dei. Dette kan gjerast i lærebøker, oppslagsverk eller fagspesifikke termbasar. Tilfanget av termar i et fagområde utgjer terminologien til faget. Enkelte fag, som medisin, jus og økonomisk-administrative fag, har omfattande terminologiar som dekker dei fleste omgrepa i faget.

Fagspesifikke termar og omgrep utviklar seg raskt som et resultat av vitskaplege framsteg. Språkbruken i ulike disipliner er i stadig endring, fordi faguttrykk blir brukt i stadig større grad innan visse fag. Historisk sett har latin hatt ein særstilling i vitskapleg kommunikasjon. Årsaka til dette er at i den europeiske middelalderen skreiv og diskuterte dei lærde ved alle europeiske universitet på latin. Latin som vitskapsspråk har blitt bevart i terminologien innan botanikk og medisin fram til i dag. Ei rekke latinske uttrykk er også fortsatt i bruk i humaniora. I vår tid har engelsk ein liknande påverknad på fagterminologi i fleire fag.

Fagspråksforskning er eit eige felt innan språkvitskapen som omfattar empiriske studiar av skriftleg og munnleg fagkommunikasjon.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg