Hvitveis av /NTB Scanpix. Begrenset gjenbruk

kvitveis

Hvitveis
Lisens: CC BY SA 3.0

Kvitveis er ei fleirårig urt i soleiefamilien. Planta kan danne store kvite tepper på skogbotnen der ho blømer tidleg om våren, før blada på lauvtrea sprett.

Faktaboks

også kjent som:

Hvitveis, kvitveis, kvitsymre

latin: Anemone nemorosa

Skildring

Planta har ein krypande jordstengel som gjer at ho breier seg i store matter der ho trivst. Blada er treflika eller tredelte. Kvitveis har vanlegvis berre éin blom per skot, og denne er kvit eller raudleg. Blomane lukkar seg og bøyer seg ned om kvelden. Dei mange frie fruktblada dannar etter kvart frukttypen smånøtter.

Utbreiing

Kvitveis er ei vanleg plante i store delar av landet. Planta er ei typisk skogbotnplante som blømer om våren før lauvet på trea sprett.

Bruk

Kvitveis har ei skarp og giftig saft. I folkemedisinen har planta vore nytta som urindrivande og som hudirriterande middel, samt mot gikt og mot tannverk. Kvitveis er kommuneblomst i Kvinesdal kommune, Hjelmeland kommune, Gloppen kommune og i Høylandet kommune.

Systematikk

Nivå Norsk namn Vitskapeleg namn
Art Kvitveis eller Hvitveis Anemona nemorosa
Familie Soleiefamilien Ranunculaceae
Orden Soleieordenen Ranunculales
Klasse Tofrøblada planter Dicotyledoneae
Rekke Dekkfrøa planter Angiospermae
Rike Planteriket Plantae

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg