Konkurranse er i biologien det at to eller fleire individ (konkurrentar) utnyttar den same ressursen og difor vert negativt påverka av kvarandre. Konkurrentane kan vera av same eller ulik art. Konkurrentane får lågare overlevnad, vekst eller reproduksjon enn dei hadde hatt utan konkurranse.

Individ kan konkurrera berre ved å utnytta ressursen, men ofte vil konkurrentane aktivt hindra kvarandre i å få tak i ressursen, til dømes ved å slåst.

Dyr konkurrerer oftast om mat og tilgang til makar, medan planter ofte konkurrerer om næringsstoff, plass og tilgang til lys.

Det er ikkje uvanleg at den eine konkurrenten tapar meir på konkurransen enn den andre. Konkurranse treng altså ikkje vera symmetrisk.

Konkurranse kan gå føre seg utan fysisk kontakt mellom konkurrentane, til dømes ved at to planter som veks nær kvarandre konkurrerer om næringsstoff i jorda. I dette dømet går konkurransen berre ut på at dei to plantene syg opp næringsstoff, utan å aktivt hindra kvarandre i å få tak i ressursen. Dersom det er meir enn nok næringsstoff til begge, vil det ikkje vera konkurranse mellom dei. Men dersom mengda næringsstoff er avgrensa, sånn at kvar av plantene får tilgang til mindre når den andre planta er til stades, vil dei reknast som konkurrentar.

I andre tilfelle kan det eigentleg vera nok ressursar til begge, men den eine konkurrenten hindrar den andre i å utnytta ressursen. Døme på dette kan vera ei stor plante som skuggar for ei mindre plante.

Både planter og fastsitjande dyr kan og konkurrera meir aktivt med kvarandre. Einstape skil til dømes ut stoff i jorda som hemmar veksten av andre planter rundt. Såleis får einstapa meir plass og mindre konkurranse om næringsstoff og lys. Rur (fastsitjande krepsdyr) kan og vera harde konkurrentar, der individ frå ein art hindrar andre artar frå å etablera seg i nærleiken ved å veksa over dei og gjerne knusa dei.

Hjå dyr finst det mange døme på direkte slåsting mellom konkurrentar. Eit spektakulært døme på dette finn ein hjå sjøelefantar, der hannane nyttar dei store hjørnetennene sine i dramatiske kampar om hoene. Slåsting er ofte farleg og krev mykje energi. Difor er det vanleg at konkurrentane vurderer kvarandre, og viss den eine konkurrenten syner seg svakare enn den andre, vil denne oftast trekkja seg utan kamp.

Til dømes nyttar hjorten parallellgange der dei går attmed kvarandre for å vurdera storleik og styrke, medan stilkaugefloger samanliknar lengda på augestilkane. Det er fyrst når det er liten skilnad mellom konkurrentane at det vert skikkeleg slåsting. Men sjølv utan slåsting er dette døme på konkurranse. Ei stilkaugefloge som gjev seg i kampen om hoer utan å slåst har likevel tapt kampen om tilgang til hoene og vil ha lågare antall avkom på grunn av konkurransen med andre hannar.

Konkurranse kan vera ein kamp om sjølve ressursen (sånn som når løver og hyenar slåst om eit bytte), eller ein kamp om tilgang til ressursen. Til dømes vil mange dyr forsvara eit revir eller territorium og på den måten få tilgang til mat, makar, reirplassar eller liknande som finst innanfor territoriet, samtidig som dei hindrar andre i å utnytta ressursane.

Intraspesifikk konkurranse er konkurranse mellom individ av same art. Denne typen konkurranse er med på å avgrensa veksten av populasjonar. Etter kvart som ein populasjon vert større og det vert fleire individ som konkurrerer om den same mengda ressursar, vert konkurransen sterkare. Då vil den gjennomsnittlege overlevnaden eller reproduksjonen i populasjonen minka, noko som gjer at populasjonen veks saktare.

Interspesifikk konkurranse er konkurranse mellom artar. Denne typen konkurranse oppstår når artar har overlappande nisjar, og er med på å redusera tettleiken av kvar art. Det vil seia at populasjonane av konkurrerande artar ofte vert mindre når dei sameksisterer enn dei ville ha vore om dei levde kvar for seg. Interspesifikk konkurranse kan og føra til at den eine arten utkonkurrerer den andre, eller at artane utnyttar mindre delar av dei fundamentale nisjane sine (altså at dei realiserte nisjane vert snevrare).

Det er ein generell regel at to artar berre kan sameksistera dersom den interspesifikke konkurransen mellom artane er mindre enn den intraspesifikke konkurransen innanfor kvar art.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om eller kommentarer til artikkelen?

Kommentaren din vil bli publisert under artikkelen, og fagansvarlig eller redaktør vil svare når de har mulighet.

Du må være logget inn for å kommentere.