Interspesifikk konkurranse er konkurranse mellom artar. Denne typen konkurranse oppstår når artar har overlappande nisjar, altså at dei utnyttar nokre av dei same ressursane. Interspesifikk konkurranse kan føra til mindre populasjonar av dei konkurrerande artane, utdøying av den eine arten, eller at artane utnyttar mindre delar av dei fundamentale nisjane sine (altså at dei realiserte nisjane vert snevrare).

Sameksistens eller utdøying?

Om to artar har veldig like nisjar kan dei ikkje sameksistera (sjå Gauses regel). I ein del tilfelle vil den eine arten vera ein mykje sterkare konkurrent enn den andre og vil stort sett alltid vinna konkurransen og utkonkurrera den andre arten, men ofte vil kva for ein art som vinn avhenga av forhold ved miljøet, eller berre tilfeldigheitar. Til dømes har eksperiment vist at utgangen av konkurranse mellom ulike kiselalge-artar vert påverka av kor mykje silikatar og fosfatar det er i miljøet. Variable miljø kan og føra til sameksistens mellom artar der det elles ikkje ville ha vore mogleg, ved at konkurranseforholdet mellom artane endrar seg med miljøet. Dette kan vera ei forklaring på kvifor så mange planktonartar kan sameksistera, sjølv om dei har svært like nisjar.

Når artar har overlappande, men ikkje heilt like nisjar, ser ein ofte at dei utnyttar ein mindre del av dei fundamentale nisjane sine, for på den måten å minka konkurransen. Til dømes veks furu oftast i særleg tørre eller myrlendte område fordi gran ikkje trivst der. Når det ikkje er gran til stades veks furua gjerne i andre område, men fordi grana er meir konkurransesterk må furua oftast ta til takke med område der gran ikkje likar seg.

Det er og ein generell regel at to artar berre kan sameksistera dersom den interspesifikke konkurransen mellom artane er mindre enn den intraspesifikke konkurransen innanfor kvar art.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg