Intraspesifikk konkurranse er konkurranse mellom individ av same art. Denne typen konkurranse er med på å avgrensa veksten av populasjonar ved at dødsraten går opp og reproduksjonen går ned etter kvart som det vert fleire individ i populasjonen og konkurransen vert sterkare. Mat, territorium og makar er døme på ressursar som det ofte vert konkurranse om innan artar.

Tettleiksavhengig vekst

Individ som høyrer til same art vil som oftast nytta seg av dei same ressursane. Viss det ikkje er nok ressursar til alle individa i ein populasjon vert det konkurranse om dei tilgjengelege ressursane. Denne konkurransen er med på å avgrensa veksten av populasjonar. Etter kvart som ein populasjon vert større og det vert fleire individ som konkurrerer om den same mengda ressursar, vert konkurransen sterkare.

Den aukande intraspesifikke konkurransen fører til at dødsraten går opp medan reproduksjonen går ned. Ettersom tettleiken aukar vil populasjonen difor veksa saktare og saktare. Dette vert omtala som tettleiksavhengig populasjonsvekst.

Ofte nyttar me orda populasjonsstorleik og populasjonstettleik om kvarandre, men legg merke til at dette berre er nøyaktig så lenge området som populasjonen er spreidd utover held seg nokolunde konstant.

Svingingar rundt berekapasiteten

Etter kvart som populasjonar veks og den intraspesifikke konkurransen vert større vil dødsraten til slutt vera så stor i forhold til fødselsraten at populasjonsveksten vert negativ. Det vil seia at populasjonen byrjar å minka att. Den tettleiken som fører til at populasjonen korkje veks eller minkar vert kalla for berekapasiteten til populasjonen. Berekapasiteten varierer med miljøet. I område med mykje mat og andre ressursar vil berekapasiteten vera høgare enn i ressursfattige område. Ved berekapasiteten er det balanse mellom fødsels- og dødsraten. Populasjonar som får veksa fritt over lang tid vil etter kvart stabilisera seg ved denne tettleiken.

Tilfeldigheitar og variasjon i miljøet gjer at populasjonstettleiken aldri held seg heilt stabil, men vil svinga rundt berekapasiteten. I ein del artar er svingingane relativt små, medan i andre opplever ein at populasjonen veks seg langt over berekapasiteten for så å kollapsa ned til langt under berekapasiteten att. Store svingingar som dette har ein til dømes sett hjå populasjonar av elg på isolerte øyar utan rovdyr.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg