Jordskiftelova er ei norsk lov som har til føremål «å leggje til rette for effektiv og rasjonell utnytting av fast eigedom og ressursar til beste for eigarane, rettshavarane og samfunnet». For å bøte på utenlege eigedomsforhold har lova reglar om jordskifte. Eit jordskifte kan bøte på dei fleste utenlege eigedomstilhøve. Lova har og reglar om grensefastsetjing og rettsutgreiing.

Faktaboks

Fullt namn
Lov av 21. juni 2013 nr 100 om fastsetjing og endring av eigedoms- og rettshøve på fast eigedom m.m. (jordskiftelova)
Kortnamn
jordskiftelova
Forkorting
jskl.
Tredd i kraft
01.01.2016
Lovdata-ID
NL/lov/2013-06-21-100

Det er og detaljerte reglar om sakshandsaminga. Mellom anna kan nevnast at det er mange reglar som søkjer å få til minnelege ordningar, som rettsmekling. Jordskifteavgjerder gjerast av jordskifterettane. Avgjerder frå jordskifterettane kan ankast vidare i dei vanlege domstolane, fyrst til lagmannsrettane.

Reglar om jordskifte kan sporast heilt tilbake til Magnus Lagabøtes Landslov av 1274, og truleg enda lenger tilbake. I 1821 fekk vi den fyrste jordskiftelova, avløyst av nye lovar i 1857 og 1882. Den fyrste særdomstolen for jordskiftesaker, Utskiftingsretten, kom til i 1883. Ei ny jordskiftelov såg dagens lys i 1950, og frå då vart omgrepet jordskifte teken i bruk. Nok ei ny lov kom i 1979, som blei avløyst av den gjeldande lova frå 2013.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Ravna, Øyvind (Red.) Perspektiver på jordskifte (2009). (Finn boka)

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg