Infiks er i grammatikken ein orddel eit affiks (ein orddel) som står inne i ei rot. Latin har til dømes rota vic- 'sigre', som i presensforms vinco 'eg sigrar' har eit infiks -n- som manglar i preteritum vico 'eg sigra'.

Faktaboks

Uttale
infˈiks
Etymologi

av latin infixus 'festa i'

Her er fleire bøyingsformer av dette latinske verbet, der dei to første har infikset n inne i rota vic-:

  • vincere 'sigre'
  • vinco 'eg sigrar'
  • vici 'eg sigra'
  • victus 'sigra'

Infikset deler rota i to. Det har ein del av rota føre seg og resten av rota etter seg, utan å vere ein del av rota.

Eit infiks er ein type affiks, og står i motsetnad til prefiks og suffiks. Infiks kan brukast ved både bøying og avleiing. Dei står anten ved «kanten» av rota (etter første konsonant eller føre siste konsonant) eller i ein særskild posisjon i høve til trykket.

Meir om infiks i latin

Sjå også på desse norske orda, med latinsk opphav:

  • korrumpere 'øydeleggje (moralsk)', frå latin corrumpere 'øydeleggje, skjemme'
  • korrupt 'uheiderleg', av latin corruptus 'øydelagd'

Corrumpere og corruptus har rota rup- 'rive av, bryte sund', som vi mellom anna finn i desse bøyingsformene:

  • infinitiv: rumpere 'rive av, bryte sund'
  • presens: rumpo 'eg riv av, eg bryt sund'
  • perfektum: rupi 'eg reiv av, eg braut sund'
  • perfektum partisipp: ruptus 'avriven, sundbroten'

Det latinske nasal-infikset — n eller m, etter kva konsonant som følgjer — står føre siste konsonanten i rota i infinitiv og presens, men ikkje i til dømes perfektum og perfektum partisipp.

Infiks i arabisk

Arabisk har infikset t, eit avleiingsaffiks mellom anna har refleksiv tyding. Det står etter den første konsonanten i rota, som består av dei tre konsonantane n-f-ḍ:

  • nafaḍa نفض 'han rista av'
  • intafaḍa انتفض 'han rista av seg'
  • intifāḍa انتفاضة 'risting; opprør'

Infiks i khmer

Khmer har mellom anna eit infiks ɑm, som står etter den første konsonanten i rota (i dette tilfellet ein s) og uttrykkjer kausativ:

  • slap ស្លាប់ ‘døy’
  • sɑmlap សម្លាប់ ‘drepe’ – dvs. "få til å døy"

Infiks i miskitu

Miskitu, som blir tala i Nicaragua og Honduras, har possessiv-affiks som er suffikset -ki ved avhendeleg eigedom og infikset -i- ved uavhendeleg eigedom:

  • bip 'ku'
  • bip-ki 'kua mi'
  • byara 'buk'
  • byaira 'buken min'

Infiks i engelsk slang

I engelsk slang finst det mange eksempel på infiks, mellom anna det «homeriske» infikset ma, som blir lagt til for å oppnå ei liksom-sofistikert og ironisk attåttyding:

  • saxophonesaxomaphone
  • telephonetelemaphone
  • violineviomaline

Dette infikset er trykkveikt og skal stå som tredje staving i versefoten daktylos, til dømes sāx-ŏ-mă-. Det skriv seg frå den amerikanske animerte komedien Simpsons, der ein av hovudfigurane, Homer Simpson, brukar det for å oppnå ein humoristisk effekt.

Eit nærskyldt fenomen, som ligg nær infiksa, er såkalla ekspletiv infigering i engelsk slang. Ein kan setje inn heile ord midt inni eit anna ord, utan omsyn til morfologisk struktur, som beskrive av McCarthy (1982). Ord som bloody, goddamn og fuckin' kan setjast inn rett føre ei trykksterk staving i eit anna ord:

  • absobloodylutely
  • kindergoddamngarten
  • Arifuckin'zona

Feilaktig analyse

Eit affiks må stå inne i ei rot for å kunne karakteriserast som eit infiks, som vist ovanfor. Det inneber til dømes at -o- i ord som egyptologi eller krenkomani ikkje er infiks. Det held ikkje at dei står inne i eit ord. Egyptologi har rota egypt, som er følgd av suffikset -o:

  • egypt-o—log-i

I krenkomani er -o eit suffiks som står etter rota krenk-:

  • krenk-o—man-i

Av same grunn er heller ikkje e i avskyeleg noko anna enn eit suffiks:

  • av-sky-e-leg

Eit suffiks blir ikkje til eit infiks ved å ha eit anna suffiks etter seg.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg