hvitveis

Teppe av hvitveis

Ole Reidar Johansen. CC BY NC 2.0

Hvitveis, kvitveis eller kvitsymre (Anemone nemorosa) er ei fleirårig urt i soleiefamilien.

Planta har ein krypande jordstengel som gjer at ho breier seg i store matter der ho trivst. Blada er treflika eller tredelte. Kvitveis har vanlegvis berre éin blom per skot, og denne er kvit eller raudleg. Blomane lukkar seg og bøyer seg ned om kvelden. Dei mange frie fruktblada dannar etter kvart frukttypen smånøtter.   

Kvitveis er ei vanleg plante i store delar av landet. Planta er ei typisk skogbotnplante som blømer om våren før lauvet på trea sprett.  

Kvitveis har ei skarp og giftig saft. I folkemedisinen har planta vore nytta som urindrivande og som hudirriterande middel, samt mot gikt og mot tannverk. Kvitveis er kommuneblomst i Kvinesdal kommune, Hjelmeland kommune, Gloppen kommune og i Høylandet kommune. 

Nivå Norsk namn Vitskapeleg namn
Art Kvitveis eller Hvitveis Anemona nemorosa
Familie Soleiefamilien Ranunculaceae
Orden Ranunkulales
Klasse Tofrøblada planter Dicotyledoneae
Rekke Dekkfrøa planter Angiospermae
Rike Planteriket Plantae

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål til artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

Du må være logget inn for å kommentere.