Kapp Sunion

Etesisk vind er forbunde med klar himmel og en karakteristisk blå himmel. Her ved Kapp Sunion, sørspissen av Attika, om lag 70 km søraust for Athen. Delar av Poseidon-tempelet er synleg på venstre side.

Kapp Sunion
Av .

Etesisk vind er ei gresk nemning på dei relativt konstante nordavindane som blæs om sommaren over den austlege delen av Middelhavet, særleg Egeerhavet.

Faktaboks

Etymologi

fra gresk "ετησίες"/ "ἐτησίαι", (hhv gammel og nygresk), årlig.

Også kjend som

meltemi

Den etesiske vinden blæs som nordaustleg vind i det sentrale og nordlige Egeerhavet, som nordavind i det sørlige Egeerhavet og som nordvestleg vind i den søraustege delen. Vinden er på sitt sterkaste om ettermiddagen og døyr ofte ut om natta.

Nokre gonger, spesielt i august, kan den vare i mange dagar utan pause. Etesisk vind kan potensielt vere farleg for seglarar fordi han kan ha ein vindstyrke opp til sterk kuling.

Indisk opphav

Sjølv om etesisk vind hovudsakleg er ein regional vind i Hellas, er han eit resultat av den synoptiske situasjonen i India, og er knytt til sommarmonsunane. Eit djupt lågtrykk i havnivå er til stades frå mai til september over Pakistan og nordvestlege India. Eit lågtrykks-tråg strekkjer seg langt vestover inn i det austlege Middelhavet, og dannar eit sekundært termisk lågtrykk over Tyrkia.

Kombinasjonen av dette konstante lågtrykkssystemet og det dominerande høgtrykket om sommaren nord i Hellas, er mekanismen som resulterer i den etesiske vinden.

Etesisk vind i Egeerhavet
Lågtrykk over Tyrkia og høgtrykk over nordlege Hellas sett opp ein nordleg luftstraum over Egeerhavet. Om sommaren er dette trykkmønsteret nærast konstant, og dermed vert vindane det òg.
Etesisk vind i Egeerhavet
Av .

Blå himmel

Etesisk vind er forbunde med klar himmel og gjev betre siktforhold. Trykksystemet som dannar dei etesiske vindane, gjer at luftmassar beveger seg sørover frå Russland, og passerer gjennom Europa. På ferda tørkar dei opp, og gjev himmelen ein veldig karakteristisk blåfarge.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg