Det er nokså vanleg at folk i Noreg nyttar dialekten sin når dei snakkar med andre menneske. Det språklege klimaet i Noreger slik at dialektbruk er meir vanleg her enn i dei fleste land i Europa.

Bruk av dialekt er godtatt på dei fleste samfunnsområda: I skulane, på universiteta, i TV og radio, i poesi og popptekstar og så vidare. I norske aviser er det ikkje sjeldan me kan lesa om dialektar, og om at dialekten der eller der er i endring. Truleg er Noreg det einaste landet i Europa der reportasjar av dette slaget er godt avisstoff. Når folk frå ulike delar av landet blir intervjua i radio og på fjernsyn, snakkar dei fleste sin lokale dialekt. Endåtil på talarstolen i Stortinget er bruk av dialekt heilt vanleg, noko som også er eit særnorsk fenomen.

Historisk forklaring på dialektbruk i det norske språksamfunnet

Det er fleire grunnar til at nordmenn er så tolerante for språkleg variasjon, og at dialektane har høg prestisje i det norske samfunnet. Éin viktig grunn er å finna i norsk nasjonsbygging på 1800-talet. Etter lausrivinga frå Danmark i 1814 var ein på jakt etter alt det norske i kulturen vår, i musikken, målarkunsten og i språket. Nasjonalromantikarane på denne tida interesserte seg sterkt for historia. Kunstnarar, politikarar og embetsmenn var på jakt etter det ekte norske. Dei søkte i folkekulturen, i historia og i språket. Ideen til dette hadde dei i opplysningstida med grunnlaget i dyrkinga av det «naturlege». Same prosessen hadde ein sett i andre europeiske land, i fransk opplysningstid og til tysk nasjonalromantikk. Det var den norske bonden som blei den fremste beraren av det norske. Bonden blei eit ideal fordi han levde i pakt med naturen, langt vekk frå byane som var påverka av kulturen i Danmark og i utlandet elles.

Språket blei særleg viktig i bygginga av den nye nasjonen. Store delar av overklassa tidleg på 1800-talet kjende det som smertefullt at me etter lausrivinga frå Danmark i 1814 ikkje hadde eit nasjonalt skriftmål. Hos oss hadde det norrøne skriftspråket blitt borte og var erstatta med dansk skrift frå midt på 1400-talet. Dei norske dialektane var likevel lite påverka av hopehavet med Danmark. Ein måtte difor nå gå til dialektane for å finna att det norske språket! I dialektane fann dei linjene tilbake til «eit opphavleg språk». Dialektane i Bygde-Noreg viste restar av «gullalderspråket» på same måten som ein i folkediktinga fann restar av gullalderlitteraturen. I dialektane (folkemålet) såg ein ei klar linje tilbake til det stolte gammalnorske opphavsmålet.

Eit nytt landsmål bygt på dialektane

Ivar Aasen fekk midt på 1800-talet i oppgåve å finna ut om det var mogleg å etablera eit norsk språk som kunne erstatta det danske. I 1842 fekk Aasen stipend frå Vitskapsselskapet i Trondheim, og i tida 1842–46 reiste han rundt i landet og samla inn opplysningar om talemålet i Noreg. Det var eit viktig poeng for Aasen at dette nye skriftmålet skulle byggja på alle dialektane. Han sa det slik: «Det er ikkje min Hensigt hermed at framhæve nogen enkelt av vore Dialekter; nei, ingen saadan bør være Hovedsprog, men dette skulde være en Sammenligning af, Et Grundlag for dem Alle» (Aasen 1836).

Den overordna ideen for Aasen var at det nye skriftmålet skulle vera norsk. Gjennom sitt store og grundige arbeid skapte Aasen det han kalla Landsmaalet i Norge, det som seinare blei til dagens nynorsk. Aasens arbeid med å synleggjera grammatikken og ordtilfanget i norske dialektar, og ved å skapa eit skriftmål som bygde på dialektane, var med på å auka vørdnaden for dialektar og dialektbruk.

Dialektbruk i klasserommet

Ein annan svært viktig grunn til at bruk av dialekt er vanleg i det norske språksamfunnet, ligg i historia til det norske skulesystemet. Utover på 1870-talet var det ein del lærarar som prøvde å få elevane til å tala etter mønster av det danske skriftmålet. Dei skulle læra å snakka slik det stod i boka – ein leseuttale om har blitt kalla for «klokkardansk». Denne forma for leseopplæring kom politikarane på Stortinget for øyra, og dei likte det ikkje. Resultatet blei at Stortinget i 1878 gjorde eit vedtak der det heitte: «Undervisningen i Almueskolen bør saavidt mulig meddeles paa Børnenes eget Talemaal.» Denne lovfestinga av at elevane skal få bruka dialekten sin i opplæringssituasjonen, er ganske spesiell, og ho gjeld den dag i dag, sjølv om den språklege formuleringa av lovteksten har endra seg litt opp gjennom tida. Vedtaket i 1878 om at talemålet til elvane skal vera i sentrum i undervisningssituasjonen, er truleg den aller viktigaste grunnen til at dei norske dialektane har halde seg så godt som dei har, og at bruk av dialekt har vore vanleg til i dag. Samtidig med at styresmaktene i grannelanda bruka skulesystemet til å ta knekken på dialektane, kom skulen i Noreg til å verka som eit vern av heimemålet til elevane.

Ikkje opplæring i standardtalemål

Eit resultat av det nemnde stortingsvedtaket om skulemålet i 1878, og tilsvarande formuleringar i grunnskulelovaogi den nyare opplæringslova, er at elevane her i landet ikkje får opplæring i bruk av eit norsk standardtalemål , men skal fritt få nytta dialekten sin i alle samanhengar. Det er ein demokratisk filosofi bak dette at daglegspråket til både born og vaksne er godt nok i alle samanhengar. Som nemnt ovanfor skil Noreg seg her frå dei andre skandinaviske landa. I Sverige og Danmark har øving i å bruka standardisert talemål (rikssvensk og riksdansk) vore eit viktig ledd i svensk- og danskundervisninga, og der har målet vore å koma bort frå bruk av dialekt. I Noreg har me heile tida sett på språkleg mangfald som heilt naturleg.

Solidaritet med lokalsamfunnet

Andre forhold som ligg til grunn for at dialektbruk og ikkje standardnorsk har blitt ein del av kvardagen vår, ligg i den språklege solidariteten mange har kjent med språket i sitt lokalsamfunn. Å «knota» (leggja om på språket) har vore lite akseptert i småbyen eller bygda der ein har hatt sin oppvekst.

I tillegg til alle dei tidlegare nemnde faktorane som har stimulert dialektbruk, kan ein nemna at Oslo ikkje har vore ein like kulturelt og språkleg dominerande hovudstad som København og Stockholm.

Noreg er på ein måte eit språkleg «annleisland». Folk er glade over å kunna utfalda seg på dialekten sin. Dialekten blir også av mange rekna som ein del av den norske kulturarven, og er for svært mange som ein del av deira personlege identitet.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Aasen, Ivar. 1836: Om vort Skriftsprog. I: Syn og segn. 1909.
  • Hultgren, Sven O. 1979: Dialekterna i dagens Sverige – förekomst, attityder och avgränsning gentemot riksspråket. I: Kjell Venås (red.): Dialekt og riksspråk i skulen. Rapport frå eit nordisk symposium på Lysebu 2.–5. april 1979: 35–50. Oslo: Universitet i Oslo.
  • Hultgren, Sven O. 1983: Skola i dialektal miljö. Språkanvändning och språkliga attityder i övre Dalarna (= Acta Universitatis Upsaliensis. Studia Philologiae Scandinavicae Upsaliensia 18). Uppsala: Uppsala universitet.
  • Kristiansen, Tore 1990: Udtalenormering i skolen. Skitse af en ideologisk bastion. København: Gyldendal.
  • Omdal, Helge 1999: Språklig mangfold og språklig toleranse. I: Språknytt 3/4 1999.
  • Venås; Kjell 1991: Mål og miljø. Oslo: Novus forlag.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg