Bekkeblom

av Knut A Rosvold. CC BY SA 3.0

Bekkeblom (Caltha palustris) er ei fleirårig urtsoleiefamilien. Ho blømer med gule blomar mellom april og juni. Planta er vanleg ved bekker og grøfter og i fuktige enger opp til 1200 moh i Noreg. Bekkeblom vert dyrka som prydplante. Heile planta er giftig.

Bekkeblom er ei fleirårig urt i bekkeblomslekta i soleiefamilien som vanlegvis vert mellom 15–30 cm høg. Ho har mørkegrøne, glinsande, nyreforma blad og ein saftfull, glatt stengel. Blomane er radiærsymmetriske med fem gule blomedekkblad, mange pollenberarar og mange frie fruktblad. Fruktene som vert danna er belgkapslar som inneheld mange frø som kan flyte. Desse er tilpassa spreiing ved hjelp av bekkar og elvar.

Bekkeblom kan forvekslast med vårkål, men vårkål har mellom 7 og 12 blomedekkblad.

Fleire former av bekkeblom vert dyrka som staudar i hagar. Mellom anna finnes planta i former med fylte blomar.

Planta har vore nytta i folkemedisin, mellom anna mot anfall, mot hoste, eksem, forkjøling, sår vorter og mot hjarteplager.

Planta finnes over store delar av den nordlege halvkule. I Noreg er bekkeblom ein livskraftig art, og er vanleg ved bekker, i grøfter og i fuktige enger opp til rundt 1200 moh. Det finnes to underartar av bekkeblom i Noreg; stor soleihov (ssp. palustris)som veks i låglandet og i sør, og fjellsoleihov (ssp. radicans) som veks i fjellet og nord i landet.   

Bekkeblom trivest best i næringsrik og fuktig, sur til nøytral jord.

Dyrka former bekkeblom ulik evne til å overleve ved låge temperaturar, men det finnes former som er hardføre til H8. Bekkeblom føretrekk sol til lett skugge.  

 Nivå

Norsk namn

Vitskapleg namn

Art

Bekkeblom

Caltha palustris

Slekt 

Bekkeblomslekta

Caltha

Familie

Soleiefamilien

Ranunculaceae

Orden

Ranunculales

Klasse

Tofrøblada planter

Dicotyledoneae

Rekke

Dekkfrøa planter

Angiospermae

Rike

Planteriket

Plantae

Heile planta er giftig og inneheld ranunculin, som har hud- og slimhinneirriterande verknad.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om eller kommentarer til artikkelen?

Kommentaren din vil bli publisert under artikkelen, og fagansvarlig eller redaktør vil svare når de har mulighet.

Du må være logget inn for å kommentere.