Vort Land (avis 1890–1918)

Onsdag 5. juli 1905
Av /Nasjonalbiblioteket.

Artikkelstart

Vort Land var ei avis som kom ut frå 1890 til 1918. Vort Land var til å begynne med organ for fråhaldsorganisasjonen IOGT. Etter kvart blei banda mellom avisa og organisasjonen lausare, og Vort Land enda som eit blad med oppbyggjelege forteljingar som hovudinnhald.

Historie

Avisa Vort Land blei det offisielle organet for Godtemplarordenen (IOGT) og kom ut frå 1890. Første redaktør var Anton Jensen, som hadde sin bakgrunn som redaktør og boktrykkjar for Nordre Trondhjems Amtstidende på Levanger. Sidan kom litteraten Elling Kristoffersen, som hadde hjelpt Schibsted med å etablere Aftenposten, og deretter O.S. Sollied, som sjølv overtok avisa og dreiv henne i ti år frå 1894.

Men losjemedlemene i IOGT gav ikkje i seg sjølv tilstrekkeleg grunnlag for ei vekeavis, og avisa søkte lesarar og marknad ut over denne krinsen. Spaltene var prega av alt frå norskdom og kulturkamp til artiklar om tidsmessig barnepleie og kur mot vorter.

Heilt harmonisk var likevel ikkje forholdet mellom IOGT og avisa. På dei årlege storlosjemøta blei bladsaka ein gjengangar, med stadige forslag om at IOGT skulle begynne å gi ut sitt eige blad, eller kanskje helst ei avis. Vort Land blei kritisert for å vere for sein i vendinga, og for å bruke eit for «kraftig språk». Også frå Møre melde det seg ein konkurrent: Den «pågående og eksplosive» redaktøren for Møre Tidend, ordensbror Chr. Wollnick, ville gjerne overta tilskotet på 500 kroner som Vort Land fekk. Det førte ikkje fram, og Wollnick forlét organisasjonen.

Med åra blei samarbeidet mellom IOGT og Vort Land svakare. Tilskotet frå IOGT skrumpa inn, og i 1906 begynte IOGT å gi ut sitt eige blad, Godtemplarbladet. I 1907 måtte Vort Land ta ein pause, og då avisa kom ut på nytt i 1909, nemnde ho ikkje lenger IOGT i tittelhovudet, men oppgav like fullt å vere eit blad for fråhalds- og forbodsrørsla i Noreg. Etter kvart blei fråhaldssaka tona ned, og avisa blei eit organ for filantropisk og kristeleg arbeid, med vekt på å vere eit «familie- og fortællingsblad».

Frå 1909 sette boktrykkjar, redaktør og søndagsskulelærar Gustav O. Eriksen sitt preg på avisa. Han hadde kjøpt trykkjeriet til Menneskevennen i 1900 og stod som utgivar og redaktør for Vort Land det meste av perioden frå 1909 til nedlegginga i 1918. Eriksen var ved sida av avisgjerninga styrar i søndagsskulen til 1. Metodistmenighet, og vektlegginga hans av familien og av oppbyggjelege forteljingar kom til å prege søndagsskulen, så vel som avisa.

Fakta

  • Fyrste nr. 1890,
  • Foreløpig siste nr. 26.6.1907
  • Utkom igjen fra 10.4.1909 med siste nr. i desember 1918

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010 .

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg