Møre Tidend

Artikkelstart

Møre Tidend var den første norske avisa som hadde fråhaldssak som profil. Avisa vart gitt ut i Ålesund i to korte periodar tidleg på 1900-talet.

Historie

Det første nummeret av Møre Tidend kom ut i Ålesund 11. juni 1917, med Klaus Sletten som bladstyrar. Avisa var eit framhald av Venstre-avisa Søndmøre Folkeblad, som gjekk inn same året, ei avis som hadde kome ut sidan 1892, med fråhaldssak som viktigaste sak.

Det var Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag som tok initiativet til Møre Tidend, og målsetjinga var ei nynorsk dagsavis, «einaste morgon-dagblad mellom Bergen og Trondheim». Møre Tidend vart den første dagsavisa på landsmål, med seks utgåver i veka.

Sunnmøre frilynde Ungdomslag samla inn 100 000 kroner i startkapital, men aviskonkurransen i Ålesund var hard og annonsemarknaden liten. Eigenkapitalen gjekk med til å kjøpe hus og ei brukt presse.

Etter eit år måtte avisa redusere til tre utgåver i veka, men gjekk inn i 1918. I 1926 kom Møre Tidend ut på nytt, men allereie året etter vart avisa lagd ned for godt.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Grepstad, O. (2010): Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010. Oslo: Universitetsforlaget
  • Flo, I., red. (2010): Norsk presses historie 1660–2010. Norske aviser fra A til Å, bd. 4. Oslo: Universitetsforlaget

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg