Vigleik Leira

Faktaboks

Vigleik Leira
Født
22. november 1931, Oslo
Død
27. mai 2010, Oslo

Artikkelstart

Vigleik Leira var språkvitar. Han var den fremste allmennlingvisten i sekretariatet til Norsk språkråd.

Bakgrunn

Vigleik Leira var fødd i Oslo. Han voks opp i Stavanger i Rogaland, tok examen artium i 1950 og vart cand.philol. i 1968 ved Universitetet i Oslo med russisk hovudfag og fransk og engelsk. Seinare tok han også norsk. Før han byrja å studere språk, hadde han ymse arbeid. Mellom anna var han bryggjearbeidar i Oslo.

Språkvitskap

Frå 1969 var han forskingsstipendiat ved Institutt for lingvistikk ved Universitetet i Oslo og seinare hjelpelærar ved Institutt for nordisk språk og litteratur. Frå 1975 til 2001 arbeidde han i Norsk språkråd, frå 1978 som fast tilsett. Han var den fremste allmennlingvisten i sekretariatet.

For Norsk språkråd redigerte Leira i 1982 boka Nyord i norsk 1945–1975. Han gav elles ut Innføring i lingvistisk semantikk (1971), Termar i grammatisk analyse (1991), Ordlaging og ordelement i norsk (1992) og Geografiske navn i flere språk (2006). Han skreiv òg ei rad vitskaplege og populærvitskaplege artiklar. Posthumt kom den store samlinga Grammatiker og bryggearbeider (2011). Han skreiv både radikalt bokmål og nynorsk. Teoretisk hadde han si forankring i strukturalismen.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Vigleik Leira: Grammatiker og bryggearbeider. Oslo 2011
  • Einar Lundeby ofl. (red.): Fornying og tradisjon. Språkvern og språkrøkt 1972–1988. Oslo 1987
  • Dag F. Simonsen og Marit Hovdenak: «Vigleik Leira til minne». Språklig samling nr. 2/2010
  • Språknytt, 1977–2010
  • Årsmeldingar frå Norsk språkråd

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg