Faktaboks

Offisielt namn
TYSVÆR BYGDEBLAD AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Aksdal
Stifta
04.09.1975
Dagleg leiar
Irene Stuhaug
Styreleiar
Einar Magne Storhaug
Logo
Logo
Av /Tysvær Bygdeblad.
Forside av Tysvær Bygdeblad

Tysvær Bygdeblad hadde lenge undertittelen «Bladet for Førdesfjorden – Nedstrand – Søre Skjold – Tysvær». Undertittelen viser at folks identitet var knytta til dei gamle kommunane og bygdelaga, og ikkje til den nye storkommunen. Dei geografiske skiljelinene vart understreka i dei første utgåvene av avisa. Framsida av nr. 12 gjeld Nedstrand, men det var tilsvarande dikt på framsida av nr. 8 (Førdesfjord), nr. 10 (Tysvær) og nr. 14 (Skjold).

Den gamle skilnaden mellom bygdelaga er borte. Nå går skiljet i staden mellom det gamle og det nye Tysvær – den gamle landbrukskommunen og dei nye boligfelta på grensa mot Haugesund. Den sørlegaste delen har også vorte noko for seg sjølv etter at gassanlegget på Kårstø åpna i 1985.

Forside av Tysvær Bygdeblad
Norsk presses historie.

Tysvær Bygdeblad er ei norsk lokalavis som kjem ut i Aksdal på papir ein gong i veka, og som dagleg oppdatert nettavis. Avisa vart grunnlagd i 1975 og er eigd av fleire mindre aksjonærar, mellom anna Tysvær kommune med 7,2 prosent, som er den største aksjeposten.

Tysvær Bygdeblad dekkjer Tysvær kommune og blir gitt ut av Tysvær Bygdeblad AS. Avisa er medlem av Landslaget for lokalaviser.

Digitalt

Tysvær Bygdeblad publiserer stoffet på dei ulike digitale flatene, og har innført betalingsmur for ikkje-abonnentar.

Historie

Ideen til avisa skal ha oppstått då Lars Olav Tunbø frå Karmøy møtte Knut H. Nesse frå Tysvær på eit møte før EF-avstemminga i 1972. Begge var aktive nynorskfolk, og Tunbø var leiar av Karmsund Mållag. Hausten 1974 vart det valt ein lokal aviskomité, teikning av aksjar byrja i mars 1975, og den første generalforsamlinga vart halden same haust. Selskapet hadde då 143 aksjonærar og ein aksjekapital på 21 500 kroner.

Tysvær Bygdeblad skulle vere «nøytralt i alle spørsmål som vedkjem politikk, religion og målsak». Bladet kunne likevel ta inn «lesarinnlegg om slike emne», og det skulle redigerast på nynorsk.

Første redaktør i 1976

Eit prøvenummer var ferdig i desember 1975. Styret redigerte dei første utgåvene fram til Lars Olav Tunbø vart tilsett som redaktør i mars 1976. Dei første åra kom bladet berre ut kvar fjortande dag. Frå 1981 kom bladet ut kvar veke for å gi lesarane fleire og ferskare nyheiter.

Tysvær kommune fekk sine nåverande grenser i 1965 då den opphavlege Tysvær kommune vart slått saman med Nedstrand og deler av Avaldsnes og Skjold. Desse områdene hadde ulike tradisjonar, og dei mangla eit naturleg sentrum som kunne binde bygdene saman. Det nåverande kommunesenteret er Aksdal som opphavleg var eit vegkryss nesten utan busetnad.

Ved kommunesamanslåinga var Tysvær ein landbrukskommune med litt over 5000 innbyggjarar. Folketalet steig etter kvart monaleg. Veksten skjedde særleg i den vestre delen av kommunen, nær grensa mot Haugesund. Mange av dei nye innbyggjarane rekna seg meir som haugesundarar enn som tysværbuar.

Stabilt opplag

Nærleiken til Haugesund er den viktigaste årsaka til at Tysvær Bygdeblad ikkje har vakse i takt med kommunen, men hatt eit stabilt opplag på drygt 2000. Avisa har heile tida hatt høgast husstandsdekning i Nedstrand i aust, der folketalet går tilbake, medan ho har problem med å nå innflyttarane i den vestre delen.

Opplag

Opplagstal for Tysvær Bygdeblad, 1986-2023

1986 1820
1988 1387
1990 1679
1991 1679
1992 1499
1993 1679
1994 1632
1995 1722
1996 1782
1997 1797
1998 1817
1999 1842
2000 1831
2001 1768
2002 1803
2003 1815
2004 1779
2005 1789
2006 1868
2007 1862
2008 1828
2009 1964
2010 2012
2011 2079
2012 2078
2013 2180
2014 2215
2015 2213
2016 2146
2017 2133
2018 2168
2019 2163
2020 2138
2021 2205
2022 2155
2023 2118
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
År Opplag
1986 1820
1988 1387
1998 1817
2008 1828
2015 2180
2020 2138
2022 2155
2023 2118

Til og med 2015 gjeld opplagstala papirutgåva. Frå 2020 blir det brukt netto opplagstal for digitalt abonnement og papirabonnement. Kjelda er opplagstala avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforening (MBL) for andre halvår.

Fakta

  • Prøvenr. des. 1975.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.130 Utgivelse av aviser

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg