Faktaboks

Innbyggjartal
740 (SSB, 2023)
Landareal
0,4 km²
Tettstadsnummer
4692 Aksdal

Aksdal er ein tettstad i Tysvær kommune i Rogaland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,4 km², og har 740 innbyggjarar (2023).

Aksdal er administrasjonssenter i Tysvær kommune og ligg ved krysset mellom E 39 (Stavanger–Bergen) og E 134 (Haugesund–Drammen), cirka 13 km aust for Haugesund sentrum. I Aksdal er det rådhus, her ligg Aksdal kyrkje, ei langkyrkje i mur frå 1995, og Tysværtunet kulturhus. På ein eigen festplass står ein statue av målaren Lars Hertervig som blei fødd på Borgøy i Tysvær. Statuen er utført av Svein Magnus Håvarstein i 1980.

Namnet er samansett av trenamnet ask og dal.

Kart

Aksdal
Aksdal
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg