Torgny

Artikkelstart

Torgny er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Þor-gnýr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘tore’ og etterleddet ‘gny, brak’. Namnet kan ha vore eit opphavleg tilnamn med tydinga ‘torebrak’, til dømes om mann med sterk stemme.

Personar med namnet Torgny

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet i nyare tid, var matros Torgny Finsdahl fødd 1870 i Mandal, busett i Eidsvoll i 1900.

Kjende personar med namnet Torgny

Eit utval personar med namnet Torgny, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 260 menn (fødde i Noreg) som hadde Torgny som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Andersson, Thorsten 1993: Sakrala personnamn – eller profana? I: Lena Peterson (red.): [Personnamn i nordiska och andra germanska fornspråk]. NORNA-rapporter 51. Uppsala.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg