Svenn er eit mannsnamn. Det er ein variant av Svein som kjem av norrønt Sveinn. Det er laga til ordet sveinn i norrønt som tyder ‘ung mann’ (jamfør læresvein).

Namnet har fleire variantar: Svein, Sven, Svend, Svenn.

Kjende personar med namnet Svenn

Eit utval personar med namnet Svenn, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 224 menn i Noreg som hadde Svenn som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for variant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Svein, Svend og Sven slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Svein var på topp 1945–1949 og Svenn noko seinare (1965–1969). Svein er klart meir brukt enn variantane Sven, Svend og Svenn. Naturleg nok var den danske forma Svend mest vanleg på 1800-talet. Stavemåten Sven, som er einerådande i Sverige, kan i Noreg vere påverka av svensk ortografi. Også mange andre einstava nordiske mannsnamn hadde – som Svein og Svenn – toppfasen sin innanfor perioden 1920–1979, til dømes Bjørn, Dag, Finn, Geir, Jarl, Kjell, Leif/Leiv, Odd, Rolf/Rolv, Stein/Sten, og Ulf.

Utvikling i bruk av namnet Svenn frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Svenn frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg