Sulaposten

Sulaposten logo
Sulaposten.

Sulaposten er eit godt døme på eilokalavis som blei starta og haldeni live av ei eldsjel. Ansgar Slagnes (1905–98) var frå Vanylven. Han flytta til Langevåg (kommunesenteret i Sula) i 1924 og engasjerte seg i eit breitt spekter av lokale aktivitetar: ulike idrettar, sjakk og bridge, velforeining m.m. I 1946 tok han initiativet til å starte Sulaposten, og nedla heilt ut på 1990-talet eit kolossalt arbeid med avisa, oftast med liten eller ingen økonomisk vinst, stundom reint tap. Han var innom dei fleste av rollene: eigar, utgjevar, redaktør, skribent, sekretær, seljar … – ja, han var «Sulaposten personleg».

Ansgar Slagnes
Sulaposten.

Sulaposten er ei norsk ukeavis grunnlagt i 1946. Avisa kjem ut i Langevåg og er lokalavis for Sula kommune. Redaktør: Odd Solnørdal. Sulaposten har mest nynorsk i det redaksjonelle stoffet og har stort sett kome ut ein gong i veka.

Hausten 2018 var det i gjennomsnitt 2160 som kjøpte papirutgåva og 2027 som betalte som digitale abonnement og utgåver (Kjelde: Mediebedriftenes Landsforening).

Historie

Oppstarten

Sulaposten blei grunnlagt i 1946, av Ansgar Slagnes. Han hadde bakgrunn frå industri og handel, og dreiv i lange periodar også ein kiosk som han nytta til ekspedisjons- og redaksjonslokale for avisa. Det største problemet for Sulaposten var trykkinga. Dei første åra tok eit lokalt trykkeri i Langevåg seg av dette arbeidet, men så blei avisa sagt opp og måtte utanbygds for å bli trykt. I 1967 blei det så vanskeleg at Slagnes la ned avisa, og ho kom ikkje skikkeleg i gang igjen før i 1975.

Ei avis for særskilde høve

Men heilt død var avisa ikkje. Ved spesielle høve klarte Slagnes likevel å få gitt ut nokre «spesialutgåver». Tidlegare var øya Sula, like sør for Ålesund, ein del av Borgund kommune. I 1965 blei Borgund slått saman med Ålesund, og Sula blei del av ein endå større kommune. Etter samanslåinga med Ålesund fekk ei eiga bygdeliste for Sula stor oppslutning ved kommunevala. I 1969 såg kampanjen «Sulaeigen kommune» dagens lys. Aktivistane meinte at dei fekk for lite tilbake av alle dei skattepengane som dei betalte til Ålesund. Sulaposten slutta heilhjarta opp om kampanjen, og heldt seg dermed i live. Sulaposten kom utfør kommunevala og gjorde særleg inntrykk med ei stor gratisutgåve då Tallaksen-komiteen (som skulle studere kommunestrukturen i landet) kom på besøk i 1974.

Ny giv

Frå årsskiftet 1974/75 var Sulaposten igjen i full drift. I 1977 blei Sula eigen kommune. Handelslekkasje til dei store kjøpesentra i nabokommunen Ålesund var stor, og avisa var derfor viktig for den lokale handelsstanden. Sulaposten blei dei første tiåra stort sett driven av ein liten dugnadsgjeng, men dugnadsarbeidet blei etter kvart avløyst av faste tilsetjingar på slutten av 1970-talet.

Aksjeselskap og pressestøtte

I 1979 blei avisa AS, etter at ho hadde vore personleg selskap for Slagsnes. Men han skaffa seg snart aksjemajoriteten i avisa, og i 1983 tok han fatt på sin siste periode som redaktør – fram til 1989, det året han fylte 84 år. Men også etter dette kunne han, gjennom aksjane sine, styre avisa. I 1990 fekk avisa pressestøtte, og i 1997 blei ho seld til Sunnmørsavisene AS. Mediehuset Vårt Land overtok avisen 1997, men solgte flertallet av aksjene til Haramsnytt (seinare Nordre) i 2008.

Fakta

  • Fyrste nr. 4.10.1946, fyrste bladstyre Tor Bergmann og Ansgar Slagnes.
  • Førebels siste nr. 22.12.1967.
  • Kom ut sporadisk fram til avisa starta på nytt 23.11.1974

Opplag og lesartal

År Papiropplag Digitalt opplag
1998 1594
2008 2414
2015 2281 9
2018 2160 2027

Ekstern lenke

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg