Fyrst på slutten av 1960-åra kom tanken om lokalavis opp på nytt. Då var kommunen etter samanslåingar blitt mykje større og romma om lag 8500 innbyggjarar. Fleire enkeltpersonar og organisasjonar gjekk saman og gav ut eit prøvenummer, dagsett «Juni 1971», med namnet Haramsnytt. Eit ak sjeselskap stod som utgjevar, og ei redaksjonsnemnd på fem personar laga avisa. Føremålet med avisa var det same som andre lokalaviser på den tida, det var spesialisering på det nære og lokale. I fyrste nummeret heitte det mellom anna: «Bladet vil ikkje ta opp konkurransen med dei store avisene, men fylle det tomrommet som desse naturleg nok ikkje makta å fylle når det gjeld vårt distrikt.»
Det fyrste ordinære nummeret kom ikkje før 18. februar 1972. Der blei det mellom anna fortalt at utgjevarane hadde nådd målet med aksjesalet, «om enn etter noko strev», sjølv om interessa for det nye bladet var stor. Den nye avisa kom frå no av med eitt nummer i veka, med Johan Kaare Tenfjord som redaktør.
Avisa fekk ein god start, med abonnentar også blant utflyttarar, noko som ikkje er uvanleg for lokalaviser. Likevel råka avisa etter to år i ein økonomisk krise. Redaktør Tenfjord trekte seg, og ei redaksjonsnemnd på tre personar overtok. Dei var amatørar og redigerte avisa på fritida, vederlagsfritt. Det blei også mykje nattarbeid, noko som gav redaksjonen aukenamnet «nattre- daktørane». Denne spesielle ordninga varte heilt fram til 1978.
I 1978 overtok Ole M. Ellefsen redaktøransvaret, og han blei også hovudaksjonær. Han hadde tidlegare røynsle som redaktør av Fjordabladet på Nordfjordeid. Han sat som redaktør heilt til byrjinga av 2000-talet, rett nok med fleire kortare avbrot. Den fyrste tida var han nesten aleine, men etter kvart fekk han bygd opp ein stab og teke i bruk den nye teknologien som gjorde det enklare og billegare å lage lokalaviser.
Haramsnytt var mellom dei fyrste i landet til å redigere avissider på skjerm. I 1996 blei avisa også lokal-avis for nabokommunen Sandøy. Haramsnytt overtok i 2008 aksjemajoriteten i Sulaposten. I 2013 bytte Haramsnytt namn til Nordre.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.