Solveig Sundbø Abrahamsen

Faktaboks

Solveig Sundbø Abrahamsen
Født
13. september 1963, Seljord, Telemark
Solveig Sundbø Abrahamsen.

Solveig Sundbø Abrahamsen er lærar, rektor og politikar. Ho er tidlegare ordførar i Seljord kommune og tidlegare stortingsrepresentant for Høgre frå Telemark.

Bakgrunn

Solveig Sundbø Abrahamsen er fødd i Seljord i Telemark (no Vestfold og Telemark). I 1982 fullførte ho samfunnsfaglinja ved vidaregåande skule. Ho er utdanna førskulelærar frå Høgskulen i Telemark (no Høgskolen i Sørøst-Norge) i 1986 og tok seinare vidareutdanning same stad, til rettleiiar i 1997 og i norsk i 2005.

Abrahamsen var lærar ved Åmotsdal skule i Seljord i 1986–88, styrar i Flatdal og Åmotsdal barnehage i 1988–97, og lærar ved Flatdal skule i Seljord frå 1997. Ho vart tilsett som rektor ved Flatdal skule i 2007, men hadde permisjon frå stillinga i perioda då ho var heiltidspolitikar.

Politisk karriere

I 1999 vart Abrahamsen vald inn i Seljord kommunestyre for Høgre. Perioden etterpå var ho medlem av formannskapet, og i 2007–2013 var ho ordførar i Seljord. I 2013 gjekk ho tilbake til rolla som vanleg kommunestyremedlem. I perioden 2011–2015 var ho medlem av fylkestinget i Telemark.

I 2013–2017 var Abrahamsen vararepresentantStortinget og var fast møtande vararepresentant for statsråd Torbjørn Røe Isaksen i heile denne perioden. I denne perioden var ho medlem av finanskomiteen på Stortinget. Ho var vald inn som stortingsrepresentant for Høgre frå Telemark for perioden 2017–2021. Ho var då medlem av transport- og kommunikasjonskomiteen. Ho søkte ikkje attval ved stortingsvalet i 2021.

Som politikar har Abrahamsen arbeidd for å få utarbeidd lokale planar for språk i skule, barnehage og administrasjon. Som stortingsrepresentant markerte ho seg som ein pådrivar for å ruste opp vegane i Telemark, flytte oppgåver til kommunane, redusere kostnadene i offentleg sektor og leggje betre til rette for reiselivsverksemdene i heimfylket Telemark.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg