Sauli Niinistö

Faktaboks

Sauli Niinistö
Uttale
nˈiinistö
Født
24. august 1948, Salo, Finland
Sauli Niinistö i 2012.
Av /NTB.

Artikkelstart

Sauli Niinistö er ein finsk jurist, politikar og tidlegare leiar av det finske konservative partiet Samlingspartiet. Han har vore president i Finland sidan 2012 og er den første konservative presidenten sidan 1956.

Bakgrunn

Sauli Niinistö er fødd i Salo i Finland. Han er utdanna jurist frå universitetet i Åbo i 1974. Etter at endt utdanning arbeidde han som lensmann i Kisko i 1974–1975 og deretter som dommarfullmektig ved lagmannsretten i Åbo i 1976–1988, samtidig som han hadde privat praksis.

Politisk karriere

I 1977 blei Niinistö vald inn i kommunestyret i Salo, og var kommunestyrerepresentant fram til 1992. Han var ordførar dei siste tre åra fram til 1992. Niinistö var vald inn i Riksdagen (Eduskunta) i 1987–2003 og var partileiar for Samlingspartiet i perioden 1994–2001.

Han kom med i regjeringa som justisminister frå 1995 til 1997, og frå 1997 til 2003 var han finansminister, den lengst sitjande i Finland si historie. Niinistö var samtidig visestatsminister frå 1995 til 2001. Etter valet i 2007 kom han tilbake til Riksdagen med den største mengda av personlege røyster nokon gong, og han var riksdagspresident i Riksdagen i 2007–2011.

Sauli Niinistö var fyrste gong presidentkandidat i 2006, då han fekk vel 48 prosent av stemmene i annan valomgang og tapte for Tarja Halonen. Ved valet i 2012 vann han ein overbevisande siger og fekk meir enn 62 prosent av stemmene i annan valomgang. Niinistö vart då vald til Finlands 12. president som den første konservative presidenten i Finland sidan 1956.

Han blei attvald i 2018, som den første etter innføringa av eit nytt valsystem i 1994 og den første konservative presidenten sidan 1956. Niinistö vart attvald som president for ein ny seksårsperiode i 2018, då han fekk 62,7 prosent av stemmene allereie i første valomgang. Det var første gong ein president fekk fleirtal allereie i første valomgang.

Finland har direkte val av president, og presidenten er den som styrer utanrikspolitikken og er øvstkommanderande for dei militære styrkane. Med Niinistö som president har EU-landet Finland fått eit nærmare forhold til NATO, utan at forholdet til Russland har vore skadelidande. Han har eit godt personleg forhold til Vladimir Putin.

Andre verv og anna engasjement

Frå 1998 til 2002 var Niinistö leiar av EDU, ein paraplyorganisasjon for borgarlege parti i Europa. Niinistö arbeidde for Den europeiske investeringsbanken i 2003–2007.

Utmerkingar

Niinistö har fått ei lang rekkje utmerkingar, fleire finske og mange utanlandske. Blant desse er Den kongelige norske fortjenstorden og storkorset av St. Olavs Orden. Han er også utnemnd til æresdoktor ved universiteta i Tammerfors, Åbo, Budapest og Jyväskylä og blei i 2003 ærespresident i Det europeiske folkepartiet.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg