Faktaboks

Etymologi

etter gardsnamnet Sauar, truleg av ‘syde, koke', om straum i eit vassdrag

Administrasjonssenter
Akkerhaugen
Fylke
Vestfold og Telemark (fra 01.01.2020, tidligere Telemark)
Innbyggjartal
4 293 (2019)
Landareal
290 km²
Høgaste fjell
Vardefjell (815 moh.)
Innbyggjarnamn
sauhering
Kommunenummer
0822 (fram til 2020)
Sauherad

Sauherad. Utsikt over tettstaden Gvarv. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005-2007.

Av /KF-arkiv ※.

Sauherad var ein kommune i Telemark fylke. Kommunen vart slått saman med til Midt-Telemark kommune i 2020 som eit resultat av ei landsomfattande kommunereform.

Sauherad ligg mellom Notodden og Skien. Sauherad kommune omfatta forutan Sauherad òg bygda Nes i nordenen av Norsjø. Kommuneadministrasjonen låg på Akkerhaugen. Ved kommunesamanslåinga i 2020 vart dei nordlegaste delane av Sauherad ved Hjuksebø overført til Notodden kommune. Kommunen heitte tidlegare Saude.

Natur

Nes kirke - Sauherad

Nes kyrkje ligg vakkert til på neset ut mot Norsjø.

Nes kirke - Sauherad
Av /Arfo forlag.

Landskapet rundt dalføra er prega av skogkledde åsar, men heilt aust i Sauherad stikk nokre toppar over skoggrensa.

Befolkning

Busetnaden ligg i all hovudsak ved dei to innsjøane Heddalsvatnet i nord og Norsjø i sør, og ved vassdraget mellom desse to sjøane. Busetjinga følgjer dalføret, og gardane ligg på terrassar 20–150 meter over dalbotnen. Det er tre mindre tettstader i kommunen: Gvarv, Nordagutu og det tidlegare administrasjonssenteret Akkerhaugen. Folketalet i Sauherad kommune heldt seg stabilt fram til slutten av 1970-åra, og auka noko fram til midten av 1980-åra. Sidan synte folketalet ein svak nedgang.

Næringsliv

Nes
Sauherad er ei god jordbruksbygd med mykje fruktdyrking, særleg omkring Gvarv. Sørlandsbanen går gjennom bygda.
Nes
Av /Bahnbilder.
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Jordbruk og skogbruk er viktige næringar. Innanfor jordbruket dominerer fruktdyrking og dyrking av korn. Særleg er epledyrking ei stor næring. Sauherad har litt verkstad- og trevareindustri. Nær 60 prosent av dei yrkesaktive arbeidde i andre kommunar, først og fremst Notodden og Bø.

Samferdsel

Sørlandsbanen går gjennom bygda. Bratsbergbanen fører frå Hjuksebø vidare nordover til Notodden og Tinnoset og sørover frå Nordagutu til Skien og Porsgrunn. Fylkesveg 360 fører til Notodden i nord og til riksveg 36 i Gvarv i sør.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Sauherad kommune høyrde til Sør-aust politidistrikt, Aust-Telemark tingrett og Agder lagmannsrett. Kommunen var med i regionrådet Midt-Telemarkrådet saman med og Nome. Sauherad kommune svarte til soknet Sauherad/Nes i Øvre Telemark prosti (Agder og Telemark bispedømme) i Den norske kyrkja. Mot slutten av 1800-talet høyrde Sauherad til Nedre Telemarken fogderi i Bratsberg amt.

Delområde og grunnkrinsar i Sauherad

For statistiske formål var Sauherad kommune (per 2016) inndelt i to delområde med til saman 16 grunnkrinsar:

  • Sauherad: Klevar, Andgard, Hjuksebø, Sunds, Nordagutu, Moen, Haukvik, Jonsås, Sauar
  • Nes: Sæte

Kultur

Begge kyrkjene i kommunen, Nes kyrkje og Sauherad kyrkje, er steinkyrkjer frå 1100-talet. Sauherad kyrkje er kjent for kalkmåleria sine. På garden Klevar står eit stabbur frå omkring 1500. Ved Evju Bygdetun er det samla hus frå 1700- og 1800-talet. Her har òg det årlege Evjuspelet vore framført sidan 2007.

På Akkerhaugen ligg ein skulpturpark. Her er turisthotell og hamn for turistbåten M/S Telemarken.

Kommunevåpen og namn

Kommunevåpen
Kommunevåpen
Av .

Kommunevåpenet hadde eit gull epletre mot ein blå bakgrunn, og illustrerte epledyrking.

Kart

Sauherad
Kart som syner grensene for tidlegare Sauherad kommune.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Holta, Hans Halvorsen: Bidrag til gårds- og slektshistorie for Sauherad og Nesherad før 1700, 1938
  • Hvitsand, Jon: Soga om Hørteverket, 1984, isbn 82-991184-0-9
  • Kirkeby, Birger: Bygdebok for Sauherad: gards- og ættesoge, 1980–88, 5 b.

Kommentarar (1)

skreiv Aase Berge

Den femte tettstaden, Hørte, bør vera med her. Delar av den har ennå postadresse til nabokommunen Bø.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg