Faktaboks

Sandra Bruflot
Fødd
31. desember 1991, Lier, Buskerud
Sandra Bruflot.
Stortinget.

Sandra Bruflot er ein norsk politikar for Høgre som frå 2021 er stortingsrepresentant frå Buskerud. Ho var leiar i Unge Høgre 2018–2020.

Bakgrunn

Sandra Bruflot er fødd i Lier. Ho var elev ved St. Hallvard videregående skole 2007–2010 og har studert til lærar ved Høgskolen i Oslo og Akershus (no OsloMet).

Politisk karriere

Bruflot var leiar i Lier Unge Høgre 2010–2011, leiar i Buskerud Unge Høgre 2012–2014 og nestleiar i sentralstyret frå 2014 til ho blei leiar i 2018. Bruflot blei nummer to i eliteprogrammet til Unge Høgre i 2013, som er eit skuleringsprogram i politikk, kommunikasjon, ideologi og leiing.

I fleire saker, som til dømes abortsaka, gav ho som leiar for Unge Høgre klar melding om at ungdomspartiet ikkje var på linje med moderpartiet Høgre. Bruflot vurderte å gi seg i politikken, men tok over leiinga av Unge Høgre då den tidlegare leiaren trekte seg etter varslingar om seksuell trakassering. Ho gjekk av som leiar i 2020.

I perioden 2011–2015 var ho medlem av Lier kommunestyre, og frå 2014 var ho medlem av Høgres likestillingspolitiske utval. Ho var medlem av fylkestinget i Buskerud 2015–2019 og av fylkestinget i Viken 2019–2023. Bruflot var vararepresentant til Stortinget for Høgre frå Buskerud i perioden 2013–2017. I 2021 vart ho stortingsrepresentant frå Buskerud og vart medlem av helse- og omsorgskomiteen på Stortinget.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg