Sønnøve

Artikkelstart

Sønnøve er eit kvinnenamn som kjem av norrønt Sunnifa med opphav i gammalengelsk Sunn-gifu. Forleddet tyder ‘sol’ og etterleddet ‘gåve’.

Namnet har fleire variantar: Synøve, Synnøva, Synneve, Sønneva, Synnøve, Synniva, Sønneve, Synva, Synnøv, Synneva, Sønnøve.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 30 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Sønnøve som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Sønnøve i perioden 1900–2017, var det 73 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Sønnøve. Dette inneber at 27 prosent hadde Sønnøve som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg