Synva er eit kvinnenamn som kjem av norrønt Sunnifa med opphav i gammalengelsk Sunn-gifu. Forleddet tyder ‘sol’ og etterleddet ‘gåve’.

Her kunne ein alternativ stavemåte til Synva ha vore Synnva, men Synva er skrive i samsvar med den ortografiske regelen om forenkling av dobbeltkonsonant: Preteritum av brenne er brente, ikkje *brennte.

Namnet har fleire variantar: Synneva, Synneve, Synniva, Synnøv, Synnøva, Synnøve, Synva, Synøve, Sønneva, Sønneve, Sønnøve.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 60 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Synva som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg