Synneve er eit kvinnenamn som kjem av norrønt Sunnifa med opphav i gammalengelsk Sunn-gifu. Forleddet tyder ‘sol’ og etterleddet ‘gåve’.

Namnet har fleire variantar: Synneva, Synneve, Synniva, Synnøv, Synnøva, Synnøve, Synva, Synøve, Sønneva, Sønneve, Sønnøve.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 150 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Synneve som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Synneve på 1800-talet.

Synneve var mest brukt i Sogn og Fjordane.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Synneve på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Synneve var mest brukt i Sogn og Fjordane.

Historisk bruk av namnet Synneve
Historisk bruk av namnet Synneve
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kinn, Tormod 2016: På leit etter samanhengar mellom helgenkult og namneskikk: [Synneve] og [Borni]. [Namn og Nemne 33].

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg