Ronja er eit kvinnenamn som er laga av Astrid Lindgren med utgangspunkt i det samiske innsjønamnet Juronjaure i Lappland. Etterleddet -jaure tyder ‘innsjø’. I dette innsjønamnet har Lindgren tatt ut element ved overgangen mellom forleddet og etterleddet (her med store bokstavar): JuRON-JAure.

Ronja kan også vere russisk kortform av Veronika.

Namnedag er 12. februar. Randi har også namnedag denne dagen.

Kulturell bruk

  • Ronja Rövardotter» (1981) av Astrid Lindgren, også film (1984). I motsetning til Ronja har Pippi ikkje oppnådd å bli eit populært jentenamn.

Namnestatistikk

I 2022 var det 2 584 kvinner i Noreg som hadde Ronja som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 72 jenter som fekk namnet Ronja.

Utvikling i bruk av namnet

Ronja gjekk rett til vêrs i 1990-åra, og grunnen til dette var Astrid Lindgrens bok «Ronja Rövardotter» (1981), også film (1984). Andre døme på svensk påverknad er Alva, Elin, Linnea, Maj, Maja, Malin og Ylva.

Utvikling i bruk av namnet Ronja frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Ronja frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg