Randi er eit norsk kvinnenamn som går tilbake til norrønt Ragn-fríðr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘råd, avgjerd’ og etterleddet ‘vakker’.

Namnet har fleire variantar: Randi, Randy, Rangdi.

Namnedag er 12. februar. Ronja har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Randi

Eit utval personar med namnet Randi, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 14 960 kvinner i Noreg som hadde Randi som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Randi var blant dei 50 mest brukte namnet blant norske kvinner.

Utvikling i bruk av namnet

Randi har omtrent same kurveprofil som ei rekkje andre norske namn. Etter ein svak nedgang på 1800-talet steig namnet til ein topp 1935–1939. Deretter fekk namnet ein til dels bratt nedtur mot botnen på slutten av 1900-talet.

Utvikling i bruk av namnet Randi frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Randi frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Randi på 1800-talet.

Randi var mest brukt i Sør-Trøndelag.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Randi på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Randi var mest brukt i Sør-Trøndelag.

Historisk bruk av namnet Randi
Historisk bruk av namnet Randi
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg