Ragnhild Lied

Faktaboks

Ragnhild Lied
Født
26. april 1959, Volda, Møre og Romsdal
Ragnhild Lied.
Ragnhild Lied.
Av /NTB.

Artikkelstart

Ragnhild Lied er lektor, tidlegare leiar av Utdanningsforbundet og frå 2016 har ho vore leiar i Unio, som er den nest største hovudorganisasjonen i Noreg.

Bakgrunn

Ragnhild Lied er fødd i Volda i Møre og Romsdal. Ho gjekk på Volda gymnas i 1975–1978 og har hovudfag i idrett frå Noregs idrettshøgskole i 1990, med ei oppgåve om arbeidssituasjonen for kroppsøvingslærarar i vidaregåande skule. I tillegg har ho mellomfag i friluftsliv og grunnfag i matematikk. Ho underviste i idrettsfag og realfag ved Stranda vidaregåande skule fram til 2002.

Fagforeiningsarbeidet

Lied har vore tillitsvald på heiltid sidan 2002, først i Utdanningsforbundet, der ho var nestleiar i 2010–2012 og deretter leiar i 2013–2015. Frå 2016 er ho leiar i Unio, som er ein hovudorganisasjon for universitets- og høgskuleutdanna.

Unio er den nest største hovudorganisasjonen i Noreg, med 12 medlemsforbund og om lag 340 000 medlemer, mellom anna lærarar, politi, prestar, sjukepleiarar og forskarar. Brorparten av medlemene arbeider i det offentlege og i servicesektoren.

I 2001–2003 var Lied medlem av Søgnenutvalet, som førebudde «Kunnskapslyftet» i det norske skulesystemet. Ho er òg medlem av Samarbeidsrådet for yrkesopplæring, var styremedlem i Ungt Entreprenørskap og ETUCE (som representerer europeiske lærarforbund) i 2010–2012, og ho er medlem av styringsgruppa for Kunnskap i skolen (KiS) ved Universitetet i Oslo.

Utgjevingar

Ragnhild Lied er medforfattar av Gymnos (2003), som er ei lærebok i kroppsøving i vidaregåande skule.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg