Ove Ansteinsson

Faktaboks

Ove Ansteinsson
Ove Arthur Ansteinsson
Født
23. mars 1884, Risør, Agder
Død
15. oktober 1942, Vallset i Stange, Innlandet
Ove Ansteinsson rundt 1920.
Av /Oslo Museum.
Lisens: CC BY SA 3.0

Artikkelstart

Ove Ansteinsson var ein norsk journalist, redaktør og forfattar.

Bakgrunn

Ove Ansteinsson var fødd i Risør i Agder. Det var også der, og seinare på Hamar, han budde i oppveksten. I unge år kom han i gullsmedlære til hovudstaden. Så prøvde han seg som skodespelarelev ved Centraltheatret. Etter ei tid med gardsarbeid på Vallset gjekk han i typograflære i Oplandenes AvisHamar, før han var underoffisersaspirant ved KystartillerietHåøya og i Tønsberg i tida kring 1905. Han vart husdiktar i Tønsbergs Blad og publiserte elles artiklar, noveller og dikt i ulike aviser og magasin. Han var redaktør i avisa AkershusLillestrøm frå 1915, og fire år seinare i Østerdalens Avis på Elverum, fram til 1922. Deretter flytta han attende til Vallset og vigde seg til forfattargjerninga på heiltid.

Forfattarskapen

Ansteinsson debuterte med novellesamlinga Hedemarksfolk i 1909. Han skreiv eit tjuetals folkelege romanar, forteljingar og skodespel. Sosiale skilnader og flukta frå landsbygda er ein viktig tematikk, men med ein humoristisk undertone og ironisk distanse. Ansteinsson var riksmålsmann, men nytta sterke innslag av stangedialekt.

Skodespela Broder Nicolay (1920), Hu Dagmar (1925) og Gullfjellet (1927) vart sette opp på Det Norske Teatret i 1920- og 1930-åra og vart populære. Både Hu Dagmar og Gullfjellet vart dessutan filmatiserte, i 1939 og 1941. Komedien Hansen (1929) vart sett opp på Den Nationale Scene i Bergen i 1943, men publikumsinteressa var mager.

Sidan 1994 har Kvennstuguteatret på Vallset skapt ny interesse for Ansteinsson sine skodespel. Nokre arbeid er publiserte posthumt, mellom dei kom ei samling hedemarksforteljingar i 2001. Ansteinsson har vore kalla Hedemarkens diktar.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Ove Ansteinsson: Småhistorier om hedemarksfolk. Forord av Bjørn Amundrud og Vidar Aasen. Vallset Kulturstier 2001
  • Halvdan Hydle ofl. (red.): Hvem skrev hva. I de siste 25 år. Oslo 1950
  • Geir Vestad: Litteraturer. Vandringer til Hedmarks diktersteder. Vallset 1997

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg