Olav Lofthus

Faktaboks

Olav Lofthus
Født
8. oktober 1847, Ullensvang
Død
10. august 1894, Bergen

Olav Lofthus var ein norsk avisredaktør, politikar og målmann. Han var redaktør i Bergens Tidende frå 1872 til han døydde i 1894.

Lofthus hadde lærareksamen frå Stord seminar i 1868 og arbeidde eit par år som lærar i Hardanger før han vart journalist i Bergens Tidende i 1871. Han var ein av skiparane av Bergens venstreforening og deltok då partiet Venstre vart skipa i Kristiania i 1884. Lofthus var og ein av initiativtakarane då Vestmannalaget vart skipa i Bergen i 1868.

Samlinga Sange og Digte kom ut posthumt i 1894.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg