Oddvar Flæte

Faktaboks

Oddvar Flæte

Oddvar J. Flæte

Født
31. mars 1944, Årdal, Vestland

Artikkelstart

Oddvar Flæte er siviløkonom og tidlegare fylkesmann i Sogn og Fjordane. Han har ei tidlegare karriere innanfor industrien i fylket, NSB og ymse typar konsulentverksemd.

Flæte er fødd i Årdal og voks opp der og i Høyanger. Han har utdanning Bedriftsøkonomisk Institutt og arbeidde i 1971–1974 som leiar i Industriens Konsulentservice i Haugesund, deretter i ulike stillingar i Årdal og Sunndal Verk fram til 1983, mellom anna som leiar for Vik Verk. Seinare arbeidde han ei tid for Norwegian Petroleum Consultants og dreiv sitt eige konsulentfirma, Temaran, før han i 1992–1994 var trafikk- og godsdirektør i NSB. I 1994 vart han utnemnd til fylkesmann i Sogn og Fjordane, men i 2008 tok han permisjon frå embetet for å hospitere ved Vest-Norges Brusselkontor ein kort periode. Fram til han vart pensjonist i 2011 var han fylkesmann.

I 2011 leia han klimatilpassingsutvalet, på oppdrag frå regjeringa, og i 2013 leia han eit utval som skulle gå gjennom kommunelova med sikte på å styrkje det kommunale sjølvstyret.

Ei av hjartesakene til Flæte har vore satsing på informasjonsteknologi. I hans embetstid vart internettprosjektet Noreg.no utvikla som ein portal for offentlege tenester i Noreg, i utgangspunktet med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane som driftsansvarleg.

Flæte var medlem av Arbeidarpartiet, og vara til Stortinget 1977–1981

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg